Khop Khun Kha, Thailand!

Tusen takk, Thailand, for 2 fantastiske veker!

Det er min siste dag her, og den siste dagen av heile reisa mi. I morgon er eg tilbake i Norge igjen. Merkelig. Trist. Men litt godt aa komme heim igjen ogsaa.

Det at Linda var reisefolget mitt her dei siste vekene i Thailand gjorde det heile berre enda meir perfekt! Vi har kosa oss og gjort saaaaaa mykje rart. Det foles nesten som vi har vaert her dobbelt saa lenge, saa mykje som vi har faatt med oss av Thailand.

Forst var vi tre dager i Bangkok for aa oppleve den pulserande og mangfoldige storbyen. Saa flaug vi sorover til Krabi for strandliv og oyhopping. Vi budde i strandbyen Ao Nang dei forste 4 nettene (fordi vi ikkje visste bedre). Der bar det tydelig preg av at det er lavsesong no, saa utanom oss var det berre thailandske turister og romantiske kjaerestepar som var paa ferie. For aa ikkje kjede oss forderva reiste vi paa dagsturer  med baat til Hong Island og Phi Phi Island.
Men SAA oppdaga vi Railay Beach, berre eit kvarter med baat unna Ao Nang. Der var stranda finare og folka meir likesinna. Saa vi folte at vi passa litt betre inn der enn i Ao Nang, og pakka sekkane vaare for aa dra dit nokre dagar.
Linda hadde returbillett fraa Bangkok og eg fra Phuket, og den opprinnelige planen var at ho skulle fly til Bangkok og vidare heim same dag, mens eg skulle reise til Phuket nokre dager til flyet mitt gikk derfra. Men sidan vi hadde trivst saa godt i Bangkok fant vi ut at det hadde vore kjekt aa reist tilbake dit ilag og feire 17. mai der, og tilbringe dei siste dagane der vi forst mottes i Thailand. Fikk endra returbilletten min, og vi bestemte oss aa reise paa den billigste maaten til Bangkok; buss og natt-tog .. hehe. Det tok 19 lange timar totalt, men kosta jo oss berre ca 200 kroner kvar. Mykje Baht spart til aa bruke paa andre ting.
Dei siste dagane i Thailand naut vi livet og gikk i Khao San Road og shoppa og saag paa livet, drakk Chang paa Barlamphu og Reggae baren som hadde blitt stamplassane vaare, dansa med ladyboys paa nattklubb og spiste masse Phad Thai og Curry retter, mens vi snakka om at dette ikkje er siste gang vi er i Thailand!

Bangkok


Khao San Road


Paa sightseeing i Tuk Tuk


Utanfor murane til The Grand Palace


The Reclining Buddha


Buddha


Shopping i gatene..


..og paa kjopesenteret MBK


Den koselige frokost/lunsj plassen paa hostellet vaart i Bangkok; Nappark. Anbefales  440 Bt. pr natt (=85 NOK)


Frista ikkje saa veldig aa spise paa denne restauranten, av ein eller annan grunn..


Saa vi spiste heller her. Dei hadde veldig god curry, og ein kjempestygg statue.


Men maten som smakte aller best var den vi kjopte paa gata.


Sidan vi horte saa mykje paa Reggae maatte vi ha eit lite felles minne.

Ao Nang


Framme i Ao Nang og rett paa stranda for aa sjekke den ut.


Og vi som trudde denne stranda var fin, vi hadde ikkje sett noko enda..


Banan og ol. Ein litt uvanlig kombinasjon

Hong Islands og Phi Phi Islands

Railay Beach


Paa veg til Railay i long tail boat.


Ord .. delings .. feil?


Solnedgang paa Railay Beach.. vakkert.

Det var fantastiske Thailand i lag med fantastiske Linda :)

I det siste blogginnlegget for kvart kontinent eg har besokt, har eg avslutta med ein liten konklusjon. Dette blir det siste fra Asia, og konklusjonen er

I  L O V E  A S I A  ! ! ! :)

Tiger – CHECK!

Eg hadde ei onskeliste med ville dyr eg hadde lyst til aa sja paa turen, og no kan eg krysse av for den siste som gjensto paa lista mi. Tiger!
Det er dessverre berre litt over 3000 tigrar igjen i verden, saa der spesielt aa faa mulighet til aa sjaa eit saa utrydningstrua dyr i levande live. Eg blei berre staande aa maape og glo i starten, dei er vanvittig store og veldig elegante og fine. Men fikk tatt nokre bilder etterkvart.

Tigrane saag eg i Tiger Kingdom i Chiang Mai, Thailand. Dei er tamme saa turistar har muligheit til aa betale for aa gaa inn til tigrane saman med ein dyrepassar. Dyrepassaren faar den utvalgte tigeren til aa legge seg ned saa dei faar tatt eit “naturlig” bilde av seg sjolv liggande ved sida av ein tiger. Men det kunne eg styre meg for, valgte heller aa betrakte dei fraa ein respektfull avstand

Vi besokte og ein elefantfarm i Chiang Mai der eg blei sjarmert i senk av baade store og smaa bedaarande elefanter.


Hallo, nice to meet you!


Fikk meg tre nye kompiser..


..og vi kom veldig godt overens.


Mor og barn, 7 mnd gammal og litt sjenert.


Ein liten Dumbo paa berre 1 mnd.


Saa sot at eg fikk lyst aa ta han med heim. Kunne blitt den nye leikekameraten til Melis?


Elefantkunst.


Elephant trekking

Etter nokre dagar i Chiang Mai tok vi natt-toget til Bangkok. Forste gang eg har tatt tog med eiga discovogn der folk drakk og dansa som galne. Spesielt!

I Bangkok endte IndoChina-turen, og eg sa hadet til gruppa eg har reist med i ein maanad. Men dagen etter fikk eg nytt reiseselskap. Fraa kalde Norge kom Linda! Endelig har vi gjort alvor av alt snakket vaart om aa reise paa ferie i lag! :)

Vi storkoser oss! Forst var vi nokre dagar i Bangkok, saa tok vi fly til Krabi og Ao Nang. Planen vidare er ikkje heilt klar endaa, men det blir garantert oyhopping og strand. Bilder og ny oppdatering kjem etterkvart.

Laos – Vilt, Vakkert og Vaatt

Laos er virkelig eit vakkert land. Vakker natur, vakre tempel, vakre byer og vakre Mekong River. Det ville og vaate i Laos kjem eg tilbake til litt seinare..

Vi besokte tre byer i Laos og tilbragte dei to siste dagane i baat paa Mekong River.

Vientiane

Fraa hovudstaden i Vietnam til hovudstaden i Laos, og snakk om overgang! I Vietiane er det berre litt over 200 000 innbyggarar og dei er rolige, bedagelige, hoflige og smilande. Skjonte ingenting naar bilane plutselig stoppa for aa sleppe meg over gata, heilt annerledes enn i Vietnam. Herlig aa endelig kunne senke skuldrane og gaa aa sjaa seg rundt, uten aa maatte springe i sikksakk for aa unngaa tutande mopeder og ropande selgarar. Folk seier” hei” (“Sabaai-dii” paa Lao) berre for aa helse og ikkje nodvendigvis for aa selge deg noko. Kvart land har sin sjarm, men Laos maa vere blant dei mest  sjarmerande.

I Vietienne leigde vi to TukTuks og kjorte rundt for aa sjaa dei mest populaere turisttraksjonane


TukTuk, TukTuk


Patuxay eller Victory Gate of Vientiane. Bygd I 1962, men aldri fullfort. No brukt som oppholdsstad og utkikkspunkt.


Wat Pha That Luang (Golden Temple)


Ho Phra Keo, eit av Vientianes eldste tempel

Dagen etter leide vi syklar og sykla rundt i byen og langs Mekong River


Snill trafikk, saa det er trygt aa sykle i gatene i Vientiane.


Langs Mekong River


Regnsesongen har saavidt starta saa The Grand Mekong er endaa ikkje saa Grand der den renn forbi Vientiane, men kan saavidt skimtast som ein liten bekk i bakgrunnen.

Dagen etter gikk turen vidare til med buss til Vang Vieng. 80% av vegane i Laos er daarlige grusvegar, saa det var ikkje akkurat  4 behaglige timar.

Men sjaa kva eg fant som eg kunne ha som niste paa bussen!


Ekte knekkebrod, fra Kavli, importert fraa Norge og kjopt paa supermarkedet i Vientiane! Endelig noko anna enn kvitt brod og sote kjeks.

Vang Vieng

Det er her det ville og vaate I Laos foregaar. Tubing! For dei som ikkje har hort om det for, er det kort fortalt at ein leiger seg ein tube(gummi-ring) og tar den med til elva. Der finn ein den forste av mange Tubing barar og starter oppvarminga. Det er som regel aa kjope seg en “bucket”, altsaa ei lita botte med mykje Laos Whiskey og lite blandevatn. Naar ein er ferdig med botta (og det gaar som regel fort, for dette foregaar midt paa dagen og man er torst i varmen) finn ein tuben sin igjen og flyter nedover elva til neste bar og neste “bucket”. For aa faa litt ekstra action mellom drikkinga har enkelte av barane slengtau og sklier som ein kan herje med. Sok opp pa Youtube, saa kjem det opp mange videoar av galskapen.

Det er mange som prover aa faa slutt paa Tubinga i Vang Vieng sidan saa mange har blitt skada eller mista livet dei siste aara. Men Tubing er hovudgrunnen til at saa mange turistar kjem til Vang Vieng, sjolv om det faktisk finns andre alternativ til aktivitetar aa gjere her. Det er mange grotter ein kan besoke, fjellklatring, ein kan leige sykkel og sykle ut til dei mindre landsbyer utanfor byen og besoke tempel. Eller ein kan reise paa kajakk-tur, som eg valgte aa gjere. Voksen som eg er droppa eg Tubinga, fordi det er uansvarlig og dumt (men..kremt, ja – hadde vi vore fleire dager i Vang Vieng hadde eg nok provd Tubing eg og, innrommer det). Kajakkturen inkluderte grottetubing, lunsj, tur til grotte med buddhafigurar, kajakking ca 10 km nedover elva og stopp paa ein av Tubingbarane for en drink, alt med eigen guide. Det viste seg at vi dessutan fekk litt meir spenning enn vi hadde forventa paa grunn av det voldsomme regnet den morgonen.


Dette bildet er tatt ca 15 minutt etter vi kom ut igjen av grotta. Ein kan sjaa tubane til hogre og skimte grotteopningen og tauet vi drog oss innover med. Naar vi starta var vatnet ein halv meter lavare enn paa bildet, men det steig overraskande fort mens vi var ca 100 m inni fjellet. “We go back now, water is coming” sa guiden vaar.
Flaks! Baade at vi kom oss inn og fikk oppleve det, og ikkje minst at vi kom oss ut igjen.


Eg vil ha matpakke innpakka i bananaleaf kvar dag!


Ein av fleire grotter i Vang Vieng


Buddha i fjellet


Deler av brua har blitt tatt av elva, og guiden sjekker om resten av brua er trygg


Nope, det var den ikkje. Daa var vi stuck paa feil side av elva, med 1 stk vaat men uskada guide.


Men det finns loysingar for alt. Loysinga her var ein gammal og smal trebaat, med ein sliten motor som hosta og harka og sleit mot den strie strommen. Men etter eit par nervepirrande minutt var vi trygt over paa den andre sida.

Saa var vi klare for kajakk nedover elva. Litt nervose sidan elva var saa stor, men det var smaa stryk og lett og styre kajakken. Mange rolige parti og nok av tid til aa sjaa seg rundt, jungel og dramatiske limestone fjell paa begge sider av elva. Nydelig!


Etter 10 km stoppa vi og parkerte kajakkane ved ein av Tubing barane.


Fire fornogde. Digger skiltet “Free beer tomorrow”. Det hang alltid oppe..hehe. Det var ikkje siste bar heller. Luringane!


Elva var ikkje heilt trygg denne regnfulle dagen, nei. Kunne risikere aa bli truffe av diverse som kom flytande, tre, kvistar, hus!


Eg fann meg ein hund aa drikke ol med, ein olhund rett og slett.


Kosa meg glugg i hel


Tre Tuberar flyt forbi.

Ja forresten, ein annan ting ein kan gjere i Vang Vieng er aa fotografere den nydelige solnedgangen og elva.

Men det mest innlysande aa gjere i Vang Vieng er aa ta seg ein fest, enten du gjer det i elva eller i ein av dei mange barane. Feststemninga er paa topp og  Laos Whiskey’en flyt. Vang Vieng er definitivt vill og vaat!

Luang Prabang

Etter nok ein  lang og humpete busstur kom vi til vakre Luang Prabang.

Det er ein koselg liten by der arkitekturen er prega av den franske kolonitida. Innbyggarane er venlege og har ein laidback livsstil. Det er mange restauranter og butikker, og det er fint aa spasere I gatene og berre sjaa seg rundt. Om kvelden har dei eit veldig bra Night Market med utrulig mykje fint! Hadde det ikkje vore for at sekken min er naerare 20 kg og saa sprengt saa det gaar an aa faa den, hadde eg nok shoppa som ein gal.

Vi sto opp grytidlig ein morgon og gikk for aa sjaa ein av dei viktigaste religiose seremoniane i Laos. Kvar morgon samler folk seg i gatene og har med mat, og rett for soloppgang kjem munkane paa rekke og rad og tek imot maten. Dei har berre lov til aa ete for klokka tolv om dagen og kun mat som er donert til dei fraa andre.


Munkane tek imot maten innbyggarane i Luang Prabang gir dei.


Eit av dei mange tempela i byen


Riskaker som torker i sola.


Arkitekturen er prega av den franske kolonitida, men akkurat dette minna meir om eit gresk hus.


Koselige gater.


Etter aa ha spasert ei stund er det paa tide med litt leik og morro


..og ein iskaffe paa ein av restaurantane langs elva.


Viss ein vil faa med seg solnedgangen over byen kan ein gaa dei litt over 300 trappetrinna opp til Mount Phousi.


Paa toppen finn ein Wat Chomsi,  bygd i 1804.


Mekong River


Rigging av Night Marked er i gang.

Cruising up Mekong River

Saa var det klart for to late dagar i baat paa Mekong River mot Thailands grense.


Baaten vaar var ikkje saa stor, men den var veldig lang.


Grotte i fjellet


Ein einsam fiskar


Waterbuffalos

Til slutt eit lite tips for dei som har blitt bitt av mygg i sorostasia. Gloym Eurax, her er det  ulike former for Tigerbalsam som funker! I Thailand: Thaibalm og i Laos: White monkey holding peach balm. Same-Same, og er veldig effektiv. Eg skal hamstre!


White monkey holding peach balm = Laos Tigerbalsam

10 dager + 1 bursdag i Vietnam

Det er forste gang eg har feira bursdagen min i eit anna land enn Norge. Eg kan gjerne gjere det fleire gongar, gjerne i Vietnam igjen. Det var ein perfekt avslutning pa 10 fantastiske dagar.


Trine (33) faar bursdagskake paa restaurant i Hanoi.

Vietnam er eit land eg definitivt har lyst aa reise tilbake til og eg kan anbefale det paa det varmaste til andre reiselystne. Det er mykje aa sjaa og oppleve, veldig billig, sol og varmt. Nordmenn faar 14 dagar turistvisum utan kostnad dersom ein kan vise returbillett fraa Vietnam. Saa det er ingenting aa lure paa, pakk kofferten og sett deg paa flyet til Vietnam neste gang du skal paa ferie!

Her kjem ei oppsummering av dei siste dagane i Vietnam.

Hoi An
Hoi An var tidlegare eit av dei viktigaste handelssentra i Sorost Asia, og det er framleis mykje fokus paa tradisjonelt handverk her. Viss ein vil kjope noko spesielt og handlaga fraa Vietnam er dette plassen! Silke, keramikk, maleri, trefigurer, smykker. Det er over 400 skreddarar i den vesle byen. Ein kan og faa spesiallaga sko her. Ein velger form, farge og materiale, saa blir det tatt maal av foten din og dagen etter kan du hente ditt nye par heilt unike sko. Fantastisk!

Det er ein veldig koselig by. Smale koselige gater, lave bygninger, spesiell arkitektur og mykje pynt i gatene: lanterner i trea og mykje blomster. Og trafikken er ikkje saa ille her heller.

Vi var i Hoi An i 2 dager. Vi fekk prove aa lage vaarruller, var paa sykkeltur, lagde keramikk, fiska, var hos skredder og fikk laga oss kle og  gikk rundt og saag oss om i byen.


Paa Bale Well restaurant i Hoi An serverer dei gronnsaker, grilla kjott, vaarruller, omelett og rispapir. Saa viser dei deg korleis du skal rulle alt inn i rispapiret og dyppe i saus. Et saa mykje du vil for 25 kroner. Det er vanskelig aa stoppe..


La la la lala lala, la lala lala la lala


Vi var innom eit keramikkverksted og fikk lage vaart eige lille”kunstverk”, med god hjelp av profesjonelle.


Fisketur med bambusstang slik dei gjer det paa landsbygda i Vietnam. (Nope, fikk ingen fisk nei)


Spasertur i Hoi An og nyte ein iskaffe paa fortausrestaurant til slutt. Faar ikkje nok av den vietnamesiske (is)kaffien!

Huế

Vi hadde ein liten stopp i byen Huế, som var hovudstad i Vietnam under keiserdommet fraa 1802-1945(Nguyen dynastiet). Vi hadde ikkje saa mykje tid paa oss for vi skulle ta natt-toget videre til Hanoi. Men vi rakk eit besok til The Imperial Palace, der keiserane under Nguyen dynastiet holdt til.


Inngangspartiet til The Imperial Palace i Huế.


Golden Dragon


Utanfor palasset saag eg elefant for forste gang paa turen!


Natt-tog fraa Huế til Hanoi, 12 timar. Vi var saa heldig aa faa akkurat den lugaren der det budde ei mus, i tillegg til dei vanlige kakkerlakkane.

Ha Long Bay
Fraa Hanoi dro vi direkte vidare til Ha Long Bay ca tre timars koyring fraa Hanoi. Ha Long Bay er paa UNESCO si liste over verdens kulturarv, og bestaar av nesten 2000 oyer pa eit 1,553 km2  stort omraade.


Baat-tur til Ha Long Bay


Kajakking mellom oyane


Vi gikk i land og besokte den imponerande Thien Cung Grotto.


Reisevennane mine.

Hanoi
Saa gjensto siste destinasjon i Vietnam, hovudstaden Hanoi.


Crazy rush hour!


Men det finns heldigvis roligare plassar og, som i parken ved Hoan Kiem Lake.

Gatene er fasinerande og kaotiske, og trafikken er vanvittig! Det er mange museum og tempel ein kan besoke, og ein kveld paa The Water Puppets Show er populaert blant turistar.
Men sidan det tross alt var bursdagen min, valgte eg vekk dukketeater til fordel for ein ol paa Beer Corner. Eit gatekryss i Backpacker area der ein sitt paa enkle plaststoler paa det smale fortauet og drikk ol, mens biler og mopeder passerer skremmande tett. Det har eg iallefall aldri gjort for paa bursdagen min. Kjempekjekt!

I dag dro vi vidare fraa Hanoi og kryssa grensa til Laos. Her skal vi vere i 7 dager, og to av dei skal vi tilbringe i baat paa Mekong River. Love it! :)

Vietnam – landet med det rare i

Du vet saanne e-poster ein ofte faar paa fredager med onske om ei god helg, og morsomme bilder av utrulige ting som aldri kunne ha skjedd i eit vestlig land? Vel, eg trur mange av dei bilda er tatt i Vietnam. Folk her har dei mest oppfinnsomme, om ikkje alltid trygge og saerlig langsiktige loysingar paa ting. Eg har knipsa eit par bilder som eksempel paa kva eg meiner med det. Noko anna ein legg merke til er at det er saa fullpakka og i store mengder av alt her. Ikkje som i Norge der vi liker minimalisme og ting er kategorisert og ordna paa ein logisk maate. Her i Vietnam er det ikkje saa lett aa sjaa logikken og in faar ein liten folelse av kaos. Det er absolutt ei oppleving og komme hit og sjaa korleis dei lever her.

Overlast? Aldri hort om..


To menn bruker ei lita korg for aa komme seg ut til baaten sin.


Du kan faa tak i det meste paa dei lokale marknadane. Det er ikkje alltid bestemte typer varer dei ulike bodene sel, men litt mat, litt parfyme, litt smykker, litt av kvart og noko for alle.


Glad eg ikkje jobber som telemontor i Vietnam..


Det er 83,6 millioner mennesker i Vietnam – og 9,5 millioner mopeder!


Fiskemarked. Oh, the smell..


Frosk? Anyone?


Blekksprut i alle storrelser og varianter.


Kaffe er ein av Vietnam sine storste eksportvarer. Iskaffe’n her er AMAZING!

Ho Chi Minh City (Saigon)
“Keep walking, like Johnnie Walker!” Det var tipset reiseguiden gav oss om korleis aa krysse gata med livet i behold i Ho Chi Minh City. Det er ingen lyskryss, og tett i tett med mopeder, biler og busser som ikkje stopper. Ein maa berre gaa rolig rett ut i trafikken, rett fram, aldri snu og for all del ikkje springe! Det er lettare sagt enn gjort, naar det kjem 10 kjoretoy mot deg paa same tid og alle tuter. Men eg overlevde. Trafikken burde igrunn ikkje overraske, for det er jo den storste byen i Vietnam, med 6 millioner innbyggarar.

Vi besokte Cu Chi Tunnels, eit komplekst tunnellnettverk som vietnameserane brukte som skjulestad under krigen.

Vi var og innom War Remnant Museum. Mange sterke og gripande bilder fraa krigen der.

Blei mykje fokus paa Vietnamkrigen mens vi var i Ho Chi Minh City. Men vi fekk og tid til aa gjere andre ting, som f.eks aa spiste FANNY Icecream.

:D

Nha Trang
Fraa Ho Chi Minh City til Nha Trang tok vi nattog. Neida, det var ikkje eit saannt overfylt skramletog med folk og dyr halveis hengande ut vinduet. Det var som eit norsk tog, saa vi sov godt om natta og vakna opp i kystbyen Nha Trang.
I lopet av dei to dagane der hang vi paa stranda og blei gode og rode, og besokte eit fantastisk fint fossefall utanfor byen.


Godt med litt strandliv igjen etter storbyen.


Leik og morro i elva


Weeeee! (ikkje saa lett aa sjaa, men det er altsaa meg som klatrer og hopper fraa berget) :)

Halvegs i Vietnam
Vi starta i sor og beveger oss nordover og no er vi omtrent halvegs i Vietnam. Eg liker meg meir og meir! Byane vi besoker er veldig ulike og vi faar sett mykje av den lokale kulturen. Vi faar i det heile tatt sett mykje rart og annleis. Eg likar meg best i dei mindre byane, gjerne dei som ligg ved kysten, for der er det som regel strender ogsaa. Men storbyane er og verdt aa faa med seg.

Maten er vanvittig god og det koster ingenting. 50 – 90 000 vietnamesiske dong for ein middag paa restaurant. Det er mellom 15-30 NOK.

Det er veldig rart aa gaa i minibank aa ta ut 1 million vietnamesiske dong! Men saa er det berre 300 NOK. Gaar rundt som millionaerer heile tida :)

No har vi fire byar igjen og besoke i Vietnam for vi kryssar grensa over til Laos. Skal skrive om dei i neste innlegg.

“Susadai” og “Aur-gun”

Det er dei to einaste orda eg kan paa Kambodiansk. Det betyr ”hei” og ”takk”. Ein kjem jo eit stykke paa veg med det, men dei fleste som bur i Kambodjsa paa dei mest turistbesokte plassane kan litt engelsk. Dei kan iallefall ”only one dollar” , ”special price for you” , Want tuk-tuk?” og ”massage?”


Grensa mellom Thailand og Kambodsja.

Siem Riep
Vi kjorte buss fraa Bangkok over grensa til Kambodsja og til byen Siem Riep. Etter aa ha sjekka inn paa hotellet blei vi henta i tuk-tuks og kjort ut til ein liten landsby litt utanfor byen der vi besokte ein lokal familie som G Adventures har avtale med. Der fikk vi ein liten omvisning og informasjon om korleis dei lever der. Dei fleste er fattige jordbrukarar som dyrker ris, men den familien vi var paa besok til var ganske velstaaende. Dei serverte oss middag som besto av tradisjonelle kambodianske rettar og vi satt paa puter paa golvet og spiste med spisepinnar.

For ein fantastisk god mat dei har her! Dei bruker mykje kylling kokt i kokosnottsaus med friske gronnsaker, eller currysaus og ris eller nudler som tilbehor. Synd det ikkje finns kambodianske restauranter i Norge slik at eg kan faa tak i slik mat naar eg kjem heim.


Chicken Curry Khmer Style, servert i ei kokosnott.

Gode og mette etter middagen blei vi kjort tilbake til sentrum og The Night Market og Pub Street i tuk-tuks og vandra rudt der og saag, shoppa litt og tok oss ein ol. Alt er vanvittig billig i Kambodsja, iallefall viss ein er flink til aa prute. Den uoffisielle valutaen er amerikanske dollar. Ein kan faa middag og drikke paa restaurant til berre 5-6 dollar. Ellers koster det meste berre 1 dollar; ol, 20-pakning royk, brus, is, chips, smykker osv = 1 dollar!

Neste dag var vi paa ein guida tur som inkluderte besok til ulike tempel, lunsj paa ein lokal restaurant og baattur paa Tonle Sap Lake og ut til ein flytande landsby. Det mest kjente tempelet, Ankgor Wat er paa UNESCOs liste over verdas kultur- og naturarvstader. I eit av dei andre tempela vi besokte, Ta Prohm eller Jungle Tempe, blei delar av filmen Tomb Raider spilt inn.


Eit av dei mange byggverka Angkor Wat bestaar av.


Buddhafigur


Plutselig fant eg en grisunge! Trur den var i live, berre veldig trott.


Ta Prohm, tempelet der deler av Tomb Raider blei spilt inn.


Digre tre i Ta Prohm (Jungle Temple)


Buddha paa rekke og rad


Smiler tilbake til Buddha.

Under baatturen  om ettermiddagen satt vi paa taket til baaten og fikk litt etterlengta bris. Det er vanvittig varmt og fuktig her. Men eg liker varmt, saa eg skal ikkje klage. Baaten tok oss ut til den flytande landsbyen der vi gikk ”ombord” paa ein av ”gardane” der. Dei lever av krokodilleoppdrett og logisk nok, fiske. Dei tjener nok litt paa turistane som besoker byen ogsaa. Vi fikk tilbud om aa kjope ol eller brus og fikk smake paa ferskvannsreker og stekt slangekjott! Ein liten gutt paa rundt 10 aar kom bort til oss med ein slange rundt halsen og tilbaud oss aa faa holde den ”one dollar, one dollar”. Creepy!


Koser oss pa taket paa baaten.


Ein flytande landsby


Reker til venstre, slangekjott til hogre. Slange er ganske godt faktisk, smaker bacon.

Phnom Penh
Stopp nummer to i Kambodsja var hovudstaden, Phnom Penh. Det er ein travel millionby som er verdt eit besok, men 1-2 dager der er nok. Vi var paa Tuol Sleng Genocide Museum, det tidlegare Security Prison (S-21) i ”Democratic Kampuchea” fraa 1975 – 1979. Oppretta etter ordre fraa Pol Pot og brukt som torturkammer og fengsel for tusenvis av uskuldige kambodianske menn, kvinner og barn til og med smaa babyer. Vi hadde ein lokal guide med oss som fortalte grusomme detaljer om kva som hadde foregaatt der paa 70 tallet.


Ein av Security Prison (S-21) sine bygningar.

Det blei ikkje akkurat ein lystig dag, men det er viktig for Kambodsja at folk veit kva som skjedde her, og slik unngaa at historien gjentar seg

Sihanoukville
Vi reiste til Sihanoukville paa same dag som kambodianske folk starta nyttaarsferien sin. Land der majoriteten av befolkninga er buddhister feirer nyttaarsaften 15. april. Det var mykje trafikk paa vegen den dagen, ja for ikkje aa snakke om tuting. Har endaa ikkje skjont kor tid og kvifor dei tuter egentlig, og det er ikkje sikkert det er nokon logikk i det heller. Tut nar du foler for det, altsaa heile tida.

Mange skulle same veg som vi, til Sihanoukville der strendene er. Men naar vi kom fram regna det! Det var ikkje ein del av planen for vi skulle paa baattur ut til ei oy og snorkle. Det blei ikkje noke av den turen, men heldigvis slutta det aa regne etter eit par timar og sola kom fram saa vi kunne ligge paa stranda.

Paa strender som tiltrekker seg vestlege turistar kryr det ogsaa av lokale selgarar. Eg klarte aa bli uvenn med ei av selgardamene som tilbaud massaaage, pedikuuur, manikuuur og leg-shave. Nettopp paa grunn av det siste. Eg blei ganske fornaerma naar ho kom og paasto at eg trengte aa barbere leggane mine. Det trengte eg absolutt ikkje! Gaar daa ikkje paa stranda uten aa shave leggane mine forst. Forst sa eg berre ”No thanks”. Men naar ho ho fortsatte og og rynka nasa mens ho peikte paa leggane mine sa eg ”You’re being a bit rude now you know”. Det skulle eg tydeligvis ikkje ha sagt. Eg fikk henne i det minste til aa slutte aa mase  og gaa videre. Men kvar gong ho og selgervenninnene hennar passerte oss etter det gav ho meg the evil eye og knurra ”Oh, it’s you again” og noko paa kambodiansk, som eg helst ikkje vil vite kva betyr. Saa no har eg laert meg at eg kun skal seie ”No thanks” og ingenting meir enn det uansett kor frekke og paagaaende dei er.

Langs Occheuteal Beach i Sihanoukville ligg restaurantane og barane paa rekke og rad. Vi spiste paa ein BBQ-restaurant som hadde fantastisk grilla fisk og sjomat. Digg aa sitte paa stranda aa ete god mat og drikke, hoyre paa bolgene som slaar mot land og sjaa paa yrande folkeliv langs stranda.


Veien til stranda


Skumring paa Occheuteal Beach.


Hehe.. satt og spiste frokost i restauranten paa hotellet og plutselig gikk det ei ku forbi paa fortauet.

Kunne gjerne ha blitt verande lenger i Sihanoukville, men vi var der berre i to dager for vi dro vidare og kryssa grensa til Vietnam i dag.

Sjolv om Vietnam er nabolandet til Kambodsja virker det som om det er totalt annleis. Det vil vise seg om forsteinntrykket mitt er riktig i lopet av dei 12 neste dagane eg er her.

Two nights in Bangkok

Daa var eg igang med del tre av turen min; Asia. Eg befinn meg akkurat no  Kambodsja, men dette innlegget handler om turen fra Australia til Thailand og dei forste dagane i Bangkok. Eg vil fortelle om Kambodsja seinare.

Flyturen til Bangkok tok heile ni timar. Trudde ikkje det var langt fraa Australia til Thailand, men det er det altsaa. Eg flaug med JetStar, og det var ikkje bra for flyskrekken min. Noko av grunnen til at eg greier aa unngaa fullstendig panikk naar eg flyr er at eg omfavner alle former for distraksjoner mens eg er paa flyet. Alle ting som faar hjernen min til aa gloyme at eg befinn meg 1000vis av meter over bakken  inni eit fartoy som veier 1000vis av tonn og ikkje har ei einaste fjaer. Slike distraksjoner kan f.eks vere lesestoff, musikk, flymat og film, TV-serier og spill. Han\ho som fann opp desse smaa skjermane paa stolryggen med eigne fjernkontroller fortjener rett og slett ein medalje!  Men JetStar er tydeligvis eit lavprisselskap. Det er ingenting inkludert! Det visste jo ikkje eg, saa eg hadde jo ikkje betilt eigen iPad for aa sjaa fim og TV-serier slik mange av dei andre passasjerane hadde. Saa eg provde aa fordjupe meg saa godt eg kunne i Bridget Jones-wannabe boka eg hadde kjopt. Det tok knapt ein halvtime for eg mista fullstendig interessen, burde ha skjont det ut  fraa boktittelen;” Lizzie Harrison looses control”. Saa neste utveg for aa distrahere meg fraa at eg satt paa eit fly var aa faa tak i flymat. Betalte ei hundrings og fikk ein tallerken med kylling og potetmos. Det var ein skuffelse,  ikkje smaken, den var grei nok, men at det berre var ein tallerken! Heile stasen med flymat er jo at ei faar eit brett med kanskje sju smaa bokser\tallerkener med ulik mat som er pakka med lokk eller folie eller plast rundt. Daa bruker ein masse tid paa aa opne og smore paa og blande og salte og spise og flytte paa og spise og pakke sammen. Kyllingsaken eg fikk brukte eg knapt ti min paa! Det blei ein laaang flytur.

Men dei ni timane gikk, og heldigvis var det ingen turbulens eller andre ubehageligheter undervegs. Passkontroll og transfer paa flyplassen gikk og greit og plutselig, for forste gang paa 2 mnd har eg eit rom med kingsize bed og eige bad og dusj heilt for meg sjolv! Var ikkje klar over det, men som eg har savna akkurat det! Ingen som snorka, ingen som hosta, ingen som rota og slengte baggasjen sin rundt omkring, ingen som smugroyka, ingen som kom fulle og hogroysta heim midt paa natta. Berre eit stort nyvaska og aircondition-kjolig rom, heilt for meg sjolv!


Nyyyyt!

Eg hadde heile neste dag for meg sjolv i Bangkok for eg skulle mote gruppa eg skal tilbringe neste mnd med. Saa eg tok ein tur paa eit shoppingsenter og kjopte meg likesaagodt ein liten billig PC. Mange av plassane eg har vore paa tilbyr WiFi gratis eller billig, men har ingen PC ein kan laane. Saa eigen PC\smartphone er det einaste eg ikkje tok med paa turen, men som eg har savna veldig. Men no har eg ein liten sot asiatisk PC med mange rare tegn paa tastaturet.

Eg tok TukTuk tilbake til hotellet fraa shoppingturen. Det var forste gang i eit slikt kjoretoy saa eg folte meg ganske begeistra og ein smule skremt paa same tid. Skrekkblanda fryd kan ein vel kalle det. Trafikken i Bangkok er voldsomt travel og TukTuk-sjaaforen kjorte som ein galning. Maa innromme eg var litt letta daa han svinga inn framfor hotellet og eg kunne gaa av.

Seinare paa kvelden motte gruppa eg skal reise med neste maanaden paa Indochina Discovery turen. Vi fikk informasjon om turen og spiste felles middag ilag. Vi er 15 stk i alderen fraa 19-32 aar, flest jenter, fem fra Norge, resten fra Danmark, UK og Tyskland. Veldig hyggelige folk og ei morom Thaijente som reiseleder. Her er reiseruta vaar:


(Foto: www.gadventures.com)

Forste stopp var altsaa Kambodsja der vi er no, og skal vere i tre dagar til. Skal fortelle om Kambodsja naar vi drar vidare til Vietnam.

 

 

G’day Sydney!

Det er berre aa beklage at det er litt forseinkingar i blogginga mi. Eg befinn meg akkurat no ikkje i Sydney, slik overskrifta indikerer, men i Melbourne. Kom hit for nokre timar sidan med nattbussen. Eg skal berre vere i Melbourne til i morgon, daa flyr eg til Thailand og forlater the land Down Under for denne gong.

Men det var Sydney eg skulle skrive om. Ei lita oppsummering av dei fem dagane eg hadde i Sydney.

Maa forst komme med ei tilstaaing, at den forste natta paa hostell i Sydney var forste gongen eg har vore skikkelig redd etter at eg kom til Australia. Det var nok litt fordi eg plutselig ikkje hadde mi kjaere soster Anja paa same rom lenger, litt fordi eg var sjuk og hadde feber, men mest fordi det var eit crappy hostell!
For det forste var det brannbil med blaalys og ei gruppe med brannmenn i fullt utrykningsutstyr i resepsjonsomraadet naar eg kom om kvelden. Eg spurte ei som jobba paa hostellet om det hadde skjedd noko, men ho svarte kort; “No, everything is fine” mens ho smilte anstrengt. Eeeeeh javel? Eg greidde ikkje heilt aa slaa meg til ro med det svaret, og dessuten blir eg alltid lettare hysterisk naar eg ser brannmenn. Det er fleire aarsaker til det, men eg skal ikkje gaa meir inn paa dei epsiodane akkurat no.
Saa eg gjekk aa stilte meg saann tilfeldigvis rett bak den brannmannen som snakka med ho i resepsjonen og smuglytta paa samtalen. Det viste seg at nokon hadde roykt paa rommet og utloyst brannalarmen. Ingen brann altsaa. Men no hadde dei oppdaga at brannalarmen ikkje fungerte i tredje etasje og var derfor noydt til aa flytte alle som budde der. Saa det var det som var problemet.
Eg budde i femte etasje, saa daa var det berre aa prove aa ikkje tenke meir paa brannmenn meir, og gaa paa rommet og legge seg.

Haha.. rommet, det var meir eit kott! Og der hadde dei paa uforklarlig vis klart aa stue tre koyesenger inn. Det var umulig at meir enn to personer kunne staa oppreist i rommet paa same tid, saa trangt var det. Alle som budde der var gutter, alle var fraa Asia og alle snakka daarlig engelsk. To av dei var paa rommet naar eg kom. Eg blei berre staaandes og maape. Ein koreansk mann, ca 60 aar, sprang rundt i rommet i berre trusa og sang julesongar paa gebrokkent engelsk.
Heldigvis var den andre gutten som var der normal og forsikra meg om at den koreanske mannen eigentleg var snill, berre   veldig   rar.

Ut paa natta vaakna eg av at dei andre som budde paa rommet kom heim, og den eine provde aa legge seg opp i senga mi! Eg hylte til, eller det vart meir eit veldig angstfyllt ul, og heldigvis hoppa mannen oppi ei anna seng istaden. Mest sannsynleg tok han berre feil av sengane, men eg hadde ikkje sjans aa faa sove meir etter dette.

Heldigvis var det ikkje slik paa alle hostell i Sydney. Eg budde paa tre ulike hostell paa dei fem dagane eg var der. Ingen grunn til aa gjere det lettvindt og kjedelig!
Mi vurdering av dei tre plassane er kort oppsummert:
 - Nomads, Sydney = Crappy
 - Bondi Backpackers = OK 
 - Base, Sydney = Supert!
Det viktigaste med hostellet er at det er reint og at det gaar an aa faa sove paa rommet. Ellers er det ikkje saa noye, for naar ein forst er i Sydney er det ingen grunn til aa henge rundt paa hostellet. Det er nok av andre ting aa finne paa.

 Darling Harbour


Australias svar paa Aker Brygge, berre mange gangar storre.

Imax Theatre


Aldri gaatt paa kino aleine for og aldri sett kinofilm i 3D. Ein gong maa vere den forste og det kan like gjerne vere paa ein fredag i mars i Sydney.


Men utvalget av filmar var ikkje saa mykje aa skryte av. Det blei Wrath of the Titans.


Saa lenge det var “the worlds bigggest Imax” gjer det ikkje noko at sjolve filmen var daarlig.

Bondi Beach

Eg budde to netter paa hostell i Bondi Beach, det er jo tross alt ei av verdas mest beromte strender. Den har jo tilogmed eigen realityserie paa TV!


Utsikta fraa senga mi paa hostellet skal eg iallefall ikkje klage paa.


Tidleg ute ein sondagsmorgon og kan velje og vrake kor eg vil ligge paa stranda. To timar etterpaa var det sild-i-tonne-tendenser.


Helikopter som leiter etter hai. PingleTrine bada ikkje.


Sola gaar snart ned, men mange paa stranda endaa.


Tur langs klippane. Kan skimte Bondi Beach i bakgrunnen.

Sydney Wildlife World


Her har dei ikkje tatt hensyn til dei som slit med sommarfugl-fobi, naar dei lar sommarfuglane flakse fritt rundt.


Fikk endeleg sett koala!


Brownsnake – ein av australias giftigaste.


Ei grein full av slangar – marerittmat for oss som hatar slangar.


Og endeleg fekk eg sett kengeru og! Kul fyr. Minner meg om nokon eg kjenner trur eg, men kjem ikkje paa kven.


Dette er krokodilla Rex, 5 m lang, ca 40 aar gammal og singel.

Operahuset og Botanisk Hage


Baade Operaen og Harbour Bridge


BackpackerTrine med Operaen i bakgrunnen


Sydney Royal Botanic Gardens


Par som kliner i den botanisk hagen


Backpacker/KikkerTrine i den botaniske hagen.

Det var det eg rakk aa gjere i Sydney mens eg var der.

Paa bussen hit til Melbourne gjekk det opp for meg kva som er den storste forskjellen mellom nordmenn og australiarar. Eg skjonte det akkurat paa same tid som eg innsaag at grunnen til at tunga mi og fingrane mine plutselig var blaa ikkje var fordi pennen min var lekk, men:

Nordmenn og australiarar gjer mykje det same, berre at australiarar lagar litt meir morro ut av ting. Ostepop som gjer tunga blaa, for eit paafunn!!

Er det rart at Australia er eit fantastisk land aa reise i? :)

Men no venter ny verdensdel, og lommeboka mi smiler berre ved tanken paa Asia. Kambodsja, Vietnam, Laos og Thailand paa 30 dagar, og 14 dagar med slaraffenliv i Thailand til slutt. Usikker pa korleis internettmulighetane blir, men skal prove aa oppdatere blogg saa ofte eg kan.

I  L O V E  A U S T R A L I A ! ! !

 

See ya later, Byron Bay

Eg dro vidare til Sydney, og Anja dro heim til Norge paa torsdag. Men her er likevel eit siste innlegg om Byron Bay, for det skjedde nokre morsomme ting til for vi dro. Besok paa Arts Factory Lodge og eit ganske vellykka forsok paa surfing.

Eg hadde hoyrt mykje om kor spesielt det var paa hostellet Arts Factory. Derfor sneik eg og Anja oss inn der for aa sjaa. Det sto klart og tydelig paa ein plakat ved inngangen at besokande som ikkje budde der hadde ingen adgang, men vi var litt craaazy og tok sjansen. Eit hostell midt i jungelen! Forskjellige typer overnattingsmuligheter, alt fraa vanlige dorms til tipi og camp for aa slaa opp telt. Paa stien gikk store ogler og rare fuglar, og folk satt og royka weed overalt. Plutselig kom det ein fyr i bar overkropp, ei kakadue paa skuldra og rottehale (ja den sveisen som var saa populaer i 1988). Han viste fram ein masse fargerike baer som han hadde i handa, og annonserte at det skulle vere Bush Walk kl fire der vi bl.a skulle faa laere om baera han hadde i handa, “Pay what you want”.
Grei deal, men vi blei ikkje med. Det var jo for dei som budde paa hostellet, og det hadde vore litt flaut aa bli avslort som spioner. Det er jammen ikkje godt aa seie korleis rottehale-fyren hadde reagert paa det…
Det var ein fargerik plass, men eg er litt usikker paa om eg ville budd der sjolv, med ogler saa store som kattar springane rundt.
Bilder?
Vi provde aa vere saa diskre som mulig mens vi var der, men vi tok nokre utanfor. Paa den nye bloggheaderen miin staar eg framfor ein dekorert vegg utanfor hostellet.

Eigentleg skulle vi paa kino mens vi var der. Den er open for alle, og visstnok liten, romantisk og utan kinostoler, berre masse puter paa golvet saa du kan ligge aa sjaa kinofilm!
Men vi dro paa den vanlige bykinoen istadanfor, for aa sjaa ein film som Lenny Kravitz var med i. Etter vi motte han, har vi hatt litt Lennyfeber..hehe. Vi saag The Hunger Games. Det er eigentlig ein saann film “so ongdommen lika”, ala Twilight-sagaen, men med heilt anna innhold. Men eg likte den likevel, sjolv om eg er ein litt eldre ungdom. Bra, undeholdande og veldig spennande og nervepirrande.

Saa var det surfinga!


Forste forsoka gikk heller daarlig


..men plutselig!


Happy og (nesten) PRO!

Til slutt i dette innlegget vil eg takke mi kjaere soster for tre fantastiske veker i lag i Australia!!  K J E M P E K J E K T ! ! !
Love you big Anja, og haapar turen tilbake til Norge gikk bra!


(og takk for at eg fikk arve den fine regnponchoen ;) )

Is that Lenny Kravitz!?

…og saa gikk vi der og saag oss rundt ved The Lighthouse, Byron Bay – Australias austlegaste fyrtaarn. Litt slitne etter den bratte vegen opp dit. Knipsa litt bilder og var skikkelig turistar. Og plutselig ser vi at Lenny Kravitz staar rett ved sida av oss!

Han var kledd i svarte joggeklede, med hetta paa og solbriller, men det var Lenny Kravitz, det saag vi, og vi hoyrde det paa stemma og. Dessutan skulle han spele konsert i naerheita av Byron Bay eit par dagar etter. Saa vi er heilt sikre paa at det var han! Nei, eg har dessverre ingen bilder. Det skjedde saa fort. Han var der berre nokre minutt og saa jogga han forbi oss.

Men for han forsvann snakka han med Anja! For akkurat i det han passerte oss hylte Anja. Ikkje fordi ho var blitt starstrucked, men snakestrucked kan vi kalle det. Ho saag ein slange i buskene rett ved sida av der vi gjekk. Saa Lenny stoppa og spurte kva det var ho hadde sett. Og naar ho svarte at det var ein slange der, spurte han om den var brun, for viss den ikkje var det saa trengte ho ikkje aa bekymre seg, for det var berre Brown Snake som var farlig i Byron Bay. Det sa Lenny Kravitz til oss. Saa jogga Lenny Kravitz vidare. Sjukt sjukt sjukt! Surrealistisk opplevelse!

Byron Bay har altsaa bydd paa uventa overraskingar, og den siste veka her kan vel best beskrivast slik:


Her saag vi Lenny Kravitz!


Her smiler vi faktisk til Lenny Kravitz som sto rett bak han som tok bildet.


Australias austlegaste punkt


Vi saag masse delfinar, og vi truuur vi saag skyggen av ein hai og ei piggrokke ogsaa..


Vi har vore masse paa stranda


Og drukke litt Goon.

Byron Bay har vore den beste plassen hittil! Det er passe stort, veldig fargerikt, hippiaktig og laidback. Eg likar meg veldig godt her, men no har vi berre ein dag igjen her og saa vender eg nasa mot Sydney og Anja reiser heim til Norge (snufs).

Vi skal kose oss masse siste dagen, og kanskje det blir litt surfing imaara.. ;)