Dagen før

Spent, forventningsfull og litt redd. Reisefeber er ein ganske ubehagelig tilstand. Men den går over når ein kjem fram, heldigvis. Så onsdag kl 15 når eg har landa i Windhoek, Namiba er eg frisk igjen. 

I dag har eg gjort siste forberedelsane.

Pakka sekken

..og tjuverisikra kameraet mitt

Forøvrig eit veldig godt tips for å auke sjansen for å kanskje få tilbake eit tapt kamera. Skriv ei melding til den som finn (stjel) kameraet ditt, med kontaktinformasjon. Ta bilde av deg og meldinga med kameraet slik at det ligg som førstebildet på minnebrikka. Og så er det berre å håpe at det er ein ærlig sjel som ser bildet og tek kontakt.

Så no er eg så klar som eg kan bli. Då gjenstår det berre å seie “vi snakkast om tre og ein halv månad, hadebraaa!”

Ein alvorsprat

Hunder er berre hundar, men likevel forstår dei mykje meir enn kva vi trur. I tillegg har hunder ein fantastisk evne til å la seg begeistre når du snakker til dei. Iallefall om du ramser opp ord dei liker, som “tur”, “mat” og “ballen”. Veldig underholdande å sjå på nokon som blir så uendelig glad og fysisk overekstatisk berre han hører ordet “tur”. Melis forstår sikkert minst 50 ord, men han snakker jo dessverre ikkje. Ein dårlig samtalepartner med andre ord. Men for ei skravlesjuk jente som har eit visst antal ord som må brukast i løpet av en dag (ca 5000 stk faktisk) så er han god å prate med likevel.

Vi har sjeldan lange samtalar eg og Melis. Men her om dagen hadde vi likevel ein lang og alvorlig “samtale”. Det var etter at dyrelegen fortalte meg at hunder faktisk i lang tid før det skjer, kan sanse at eigaren deira har tenkt å forlate dei. Syns det var forferdelig å tenke på at Melis kanskje allereie har skjønt at eg skal reise i frå han. For han er jo eg det aller viktigaste i livet. Til og med viktigere enn “tur”. Han har jo ikkje en jobb å gå til kvar dag, venner han planlegger å gå på besøk til, eller ferieturer han gleder seg til å reise på. Heile livet hans består av å vere sammen med meg og gjer det eg bestemmer at vi skal gjere. Så viss han no skjønte at eg snart kom til å forsvinne fra livet hans måtte han jo vere fryktelig engstelig og deprimert..?

Eg satte meg ned i sofaen og ropte på Melis og fikk han til å sette seg ned ved sida av meg. Så såg eg han inn i auga og fortalte kva som skulle skje dei neste månadane. Eg forsikra han om at eg kom til å komme tilbake til han og at alt skulle bli som før, men at i mellomtida skulle han få bu hos nokre veldig snille folk og han skulle få det veldig kjekt. Melis såg på meg med store auger og skakka på hovudet mens eg fortalte. Eg innser jo at andre kan syns det er ganske absurd å sette seg ned å ha ein så seriøs “samtale” med ein hund, og at det er på grensa til at eg kan kallast “den galne hundedama”. Men det føltes som ein riktig ting å gjere overfor stakkars Melis som snart skulle bli forlatt. Og etter “samtalen” blei alt mykje betre. Iallefall for meg. Melis forsto antakeligvis ikkje eit kvekk, for eg nevnte jo verken “tur”, “mat” eller “ballen”.

Blubb blubb blogg?

Plutselig har eg kasta meg ut i det uendeliget havet av blogger eg også. Føler meg ikkje heilt trygg no, og er spent på om eg får til denne blogginga som alle skal drive med no for tida. Det eksisterar antakeligvis fleire bloggar enn folk i verden. Det kryr av meir eller mindre interessant informasjon om meir eller mindre viktige personer i form av blogger. Så ein bør nok ikkje vere for ambisiøs som ny fersk blogger.

Om eg klarer å halde min nye sjøsatte blogg flytande eller om eg druknar i blogghavet gjenstår å sjå. Men målet mitt med trinefaktor.com er å fortelle mine nære, kjente og kjære kva eg driv med på mi reise ute i den store vide verda. Det kjekkaste med å oppleve noko er å dele det med andre. Dessverre kunne eg ikkje ta med meg alle mine på turen så då blir the next best thing å skrive om det eg opplever. Da er altså ein reiseblogg født, og så får tida vise om den blir svømmedyktig eller ikkje.