Africa Pics

Leopardane

Gepardane

Atheno

Meercats

Lei av aa scrolle no? Hoho.. det er mange fleire, det var jo nesten 400 dyr paa Harnas..


Gumbi var ein av dei forste som motte deg ved porten til Harnas. Han er ei hyene. Men eg syns han minner om ein varulv. Iallefall hodet, det var enormt!


Jammen fant eg ikkje ein Melis lookalike paa gaarden ogsaa. Men den var openbart berre ein kopi, originalen er myyyyykje betre.


Prover aa bli kjent med ein av strutsane, men vi var begge litt for sjenerte saa det blei med det eine forsoket.


Jepp.. det ser altsaa ut som eg ikkje har klede paa og prover aa gjemme meg bak eit esel. Men det er berre bildevinkelen altsaa, heilt sant!


Sondag, fetchball, alle vil vere med.


Hundeleike blir katteleike paa Harnas


Esel..namnamnam..


Passasjerar sitt bak paa lasteplanet i Afrika. Heilt greit med litt vind i haaret.


What’s the story, morning glory?


Ei heilt ny skilpadde.


Easypoo var i godt humor denne dagen, dvs eg slapp bitemerker etter aa ha besokt han.


Sjenert sjakal. Dette var det naermaste eg kom.


Asem. Kul gribb, men litt gretten til tider.


Dette er ei slik bille de har sett paa naturdokumentarar, ei saann som triller rundt paa ei kule med dritt. Denne var diger, og har tydeligvis faatt mykje dritt opp igjennom livet.

How to feed a lion:


Arms down, knees bent, bum out..


..kast! Perfekt :)


Leikestange med Blumitje.


“Ein ung Black Mamba blei fredags morgon funnen drept. Det var ingen vitner til drapet, men ein gjerningspus er forelopig mistenkt i saka.”


Chloe faar eple


Bat Ear Fox


Favorittdyret er og blir hunder. Ikkje ein gong eksotiske dyr fraa Afrika kan forandre det.


Matcho – Dyrenes konge!

I  L O V E  A F R I C A ! !

 

Expect the unexpected

Det er slagordet til Harnas, og det er det mest passande slagordet dei kunne valgt!
Eg hadde f.eks planlagt aa oppdatere bloggen ofte, men naar eg kom hit oppdaga eg at det kun er ein PC her ein kan laane, og veldig daarlig internett. Saa det blei ikkje slik eg hadde planlagt likevel. Opplasting av bilder kan eg berre glemme, saa det kjem seinare.

Det skjer mykje uventa her paa Harnas, og ting blir ofte ikkje heilt slik ein planla paa forhaand. Det er dyr som stikk av, dyr som ikkje vil gjere det vi vil dei skal gjere, dyr som er paa plassar vi helst ikkje vil ha dei, folk som ikkje dukker opp til avtalt tid, venting og venting, ting som blir avlyst, ver som forvandler seg fra toert til vaatt paa eitt sekund og mykje meir. Det virker kanskje negativt naar eg ramser det opp slik, men det blir gode historier av det, og dei skal eg fortelle naar eg kjem heim :)

Men nok om “the unexpected”, eg har ikkje saa mykje tid aa skrive paa, for eg maa tilbake og jobbe.
Apropos jobb. Fra mandagt til fredag staar vi opp kl 6:30 og gaar til farmen for aa spise frokost, ha morgenmoete og deretter begynne aa jobbe. Spaserturen fraa hyttene til farmen tek ca 10 min. For morro skuld skal eg ramse opp alle dyra eg ser paa veg til jobb; ein flokk med gnuer, flokkar med antiloper av ulike slag, nysgjerrige strutser som slaar foelge, to esel, ein liten halvtam antilope som ligner Bambi, paafuglar, 5 geparder, og saa maa ein passe paa saa ein ikkje snubler i alle skilpaddene som trakker rundt i graset.Litt annerledes enn heime i Norge der ein er heldig om ein ser ein flokk med hjortar eller kanskje tilogmed ein rev!

Det mest grunnleggande og viktigaste vi gjer i loepet av ein dag her er aa lage til mat og mate dei ulike dyra, samt vasking/rensing av bur og inngjeringar. Andre aktivitetar er aa gaa tur med dyra, leike med dei og observere dei. I tillegg er det farmwork som for det meste bestaar av vedlikehald av garden og inngjeringane rundt.

Synd eg ikkje kan vise bildene eg har tatt, men som plaster paa saaret skal eg heller fortelle om noko av det eg har tatt bilde av.

Dolce og Gabbana som leiker og klatrer i tre. Dei er to 5 mnd gamle leopardar, og selv om dei ikkje er fullvaksne enda har dei skarpe kloer og tenner likevel. Er omtrent som aa leike med ein 25 kilos kattunge, og det er ikkje alltid dei husker aa holde kloerne inne.

Atheno - Ein 6 mnd gammal gepard. Det var Atheno sitt kjoettbein som traff meg i panna. Geparder faar ganske store kjoettbein saa det blei ein diger kul og det bloedde kraftig. Men saann gaar det naar ein staar i vegen for mating av ein gepard.

Betty + babys
Betty er ein meercat (marekatt paa norsk?). For dei som har sett filmen Lions King saa er det same dyr som Timon. Veldig nysgjerrig og pirker paa alt, spesielt knappar og bh-stropper. Ho likar seg i hoegda saa ho kan speide etter farar rundt seg, saa ho elskar aa staa paa to oppaa skuldrane eller hauet til folk. Ho har fire smaa meercat-unger som er heilt nydelige.

Chloe og Abu
To baby bavianar. Chloe er eldst og er begynt aa bli veldig “bavianete”, altsaa proeve aa utfordre folk litt med aa bite, klore, lugge, skrike, for ikkje aa snakke om aa tisse og baesje paa folk. Abu er saa liten at han bur inne hos Marieta enda (eigaren av Harnas). Han er som ein liten menneskebaby, med bleie og smokk.

Matcho
Han er verkeleg dyrenes konge! Stor, sterk, vakker og aggressiv. Det er eit dyr som tar pusten fraa deg foerste gong du ser han. Naar han stirrer paa meg gjennom det hoege gjerdet er trangen for aa springe som f… stor. Men han kan jo ikkje komme seg gjennom gjerdet… eller.

Feetchball
Ikkje eit dyr, men det vi gjer paa soendager naar vi har fri. Eit rugbyliknande ballspill. Sjoelv om det er berre for morro skuld er det blodig alvor naar det staar paa. Folk blir slengt hit og dit. Great fun!

Lapa night
Kvar onsdag har vi avskjedsfest for dei som skal reise fraa Harnas neste dag. Daa et vi ekstra god middag og faar tilogmed dessert! Litt drikke hoerer og med. Vi avslutter med aa samlast rundt baalet og prate, hoeyre paa musikk og danse.

Dette er noko av det eg har tatt bilde av hittil. Skal proeve aa faa lagt dei ut naar eg kjem til ein plass med bra internett.

Paa fredag reiser eg til Australia! Gleder meg veldig til aa moete mi kjaere soester og reise rundt som ein backpacker. Farvel til Afrika og grytidlege morningar, daglige plikter, foelselsen av aa vere skitten heile tida av blod, dyreavfoering, bavianmat og stoev. Farvel shorts og T-skjorte skille, og velkommen bikiniskille!
Men det blir trist aa reise ifraa alle dyra og det spesielle livet eg har hatt den siste maanaden. Baade folka eg har moett, dyra og opplevelsane eg har hatt paa Harnas er noko eg aldri vil glemme. Kan anbefale det paa det varmaste til dei som er glad i dyr og som vil oppleve noko veldig annleis.

Takk for alle kjekke kommentarar! Har dessverre ikkje hatt tid til aa svare paa dei, men alle kommentarar er likevel blitt lest og sett pris paa :)

Stoor klem fraa Trine “Bonehead” Eikeland