G’day Sydney!

Det er berre aa beklage at det er litt forseinkingar i blogginga mi. Eg befinn meg akkurat no ikkje i Sydney, slik overskrifta indikerer, men i Melbourne. Kom hit for nokre timar sidan med nattbussen. Eg skal berre vere i Melbourne til i morgon, daa flyr eg til Thailand og forlater the land Down Under for denne gong.

Men det var Sydney eg skulle skrive om. Ei lita oppsummering av dei fem dagane eg hadde i Sydney.

Maa forst komme med ei tilstaaing, at den forste natta paa hostell i Sydney var forste gongen eg har vore skikkelig redd etter at eg kom til Australia. Det var nok litt fordi eg plutselig ikkje hadde mi kjaere soster Anja paa same rom lenger, litt fordi eg var sjuk og hadde feber, men mest fordi det var eit crappy hostell!
For det forste var det brannbil med blaalys og ei gruppe med brannmenn i fullt utrykningsutstyr i resepsjonsomraadet naar eg kom om kvelden. Eg spurte ei som jobba paa hostellet om det hadde skjedd noko, men ho svarte kort; “No, everything is fine” mens ho smilte anstrengt. Eeeeeh javel? Eg greidde ikkje heilt aa slaa meg til ro med det svaret, og dessuten blir eg alltid lettare hysterisk naar eg ser brannmenn. Det er fleire aarsaker til det, men eg skal ikkje gaa meir inn paa dei epsiodane akkurat no.
Saa eg gjekk aa stilte meg saann tilfeldigvis rett bak den brannmannen som snakka med ho i resepsjonen og smuglytta paa samtalen. Det viste seg at nokon hadde roykt paa rommet og utloyst brannalarmen. Ingen brann altsaa. Men no hadde dei oppdaga at brannalarmen ikkje fungerte i tredje etasje og var derfor noydt til aa flytte alle som budde der. Saa det var det som var problemet.
Eg budde i femte etasje, saa daa var det berre aa prove aa ikkje tenke meir paa brannmenn meir, og gaa paa rommet og legge seg.

Haha.. rommet, det var meir eit kott! Og der hadde dei paa uforklarlig vis klart aa stue tre koyesenger inn. Det var umulig at meir enn to personer kunne staa oppreist i rommet paa same tid, saa trangt var det. Alle som budde der var gutter, alle var fraa Asia og alle snakka daarlig engelsk. To av dei var paa rommet naar eg kom. Eg blei berre staaandes og maape. Ein koreansk mann, ca 60 aar, sprang rundt i rommet i berre trusa og sang julesongar paa gebrokkent engelsk.
Heldigvis var den andre gutten som var der normal og forsikra meg om at den koreanske mannen eigentleg var snill, berre   veldig   rar.

Ut paa natta vaakna eg av at dei andre som budde paa rommet kom heim, og den eine provde aa legge seg opp i senga mi! Eg hylte til, eller det vart meir eit veldig angstfyllt ul, og heldigvis hoppa mannen oppi ei anna seng istaden. Mest sannsynleg tok han berre feil av sengane, men eg hadde ikkje sjans aa faa sove meir etter dette.

Heldigvis var det ikkje slik paa alle hostell i Sydney. Eg budde paa tre ulike hostell paa dei fem dagane eg var der. Ingen grunn til aa gjere det lettvindt og kjedelig!
Mi vurdering av dei tre plassane er kort oppsummert:
 - Nomads, Sydney = Crappy
 - Bondi Backpackers = OK 
 - Base, Sydney = Supert!
Det viktigaste med hostellet er at det er reint og at det gaar an aa faa sove paa rommet. Ellers er det ikkje saa noye, for naar ein forst er i Sydney er det ingen grunn til aa henge rundt paa hostellet. Det er nok av andre ting aa finne paa.

 Darling Harbour


Australias svar paa Aker Brygge, berre mange gangar storre.

Imax Theatre


Aldri gaatt paa kino aleine for og aldri sett kinofilm i 3D. Ein gong maa vere den forste og det kan like gjerne vere paa ein fredag i mars i Sydney.


Men utvalget av filmar var ikkje saa mykje aa skryte av. Det blei Wrath of the Titans.


Saa lenge det var “the worlds bigggest Imax” gjer det ikkje noko at sjolve filmen var daarlig.

Bondi Beach

Eg budde to netter paa hostell i Bondi Beach, det er jo tross alt ei av verdas mest beromte strender. Den har jo tilogmed eigen realityserie paa TV!


Utsikta fraa senga mi paa hostellet skal eg iallefall ikkje klage paa.


Tidleg ute ein sondagsmorgon og kan velje og vrake kor eg vil ligge paa stranda. To timar etterpaa var det sild-i-tonne-tendenser.


Helikopter som leiter etter hai. PingleTrine bada ikkje.


Sola gaar snart ned, men mange paa stranda endaa.


Tur langs klippane. Kan skimte Bondi Beach i bakgrunnen.

Sydney Wildlife World


Her har dei ikkje tatt hensyn til dei som slit med sommarfugl-fobi, naar dei lar sommarfuglane flakse fritt rundt.


Fikk endeleg sett koala!


Brownsnake – ein av australias giftigaste.


Ei grein full av slangar – marerittmat for oss som hatar slangar.


Og endeleg fekk eg sett kengeru og! Kul fyr. Minner meg om nokon eg kjenner trur eg, men kjem ikkje paa kven.


Dette er krokodilla Rex, 5 m lang, ca 40 aar gammal og singel.

Operahuset og Botanisk Hage


Baade Operaen og Harbour Bridge


BackpackerTrine med Operaen i bakgrunnen


Sydney Royal Botanic Gardens


Par som kliner i den botanisk hagen


Backpacker/KikkerTrine i den botaniske hagen.

Det var det eg rakk aa gjere i Sydney mens eg var der.

Paa bussen hit til Melbourne gjekk det opp for meg kva som er den storste forskjellen mellom nordmenn og australiarar. Eg skjonte det akkurat paa same tid som eg innsaag at grunnen til at tunga mi og fingrane mine plutselig var blaa ikkje var fordi pennen min var lekk, men:

Nordmenn og australiarar gjer mykje det same, berre at australiarar lagar litt meir morro ut av ting. Ostepop som gjer tunga blaa, for eit paafunn!!

Er det rart at Australia er eit fantastisk land aa reise i? :)

Men no venter ny verdensdel, og lommeboka mi smiler berre ved tanken paa Asia. Kambodsja, Vietnam, Laos og Thailand paa 30 dagar, og 14 dagar med slaraffenliv i Thailand til slutt. Usikker pa korleis internettmulighetane blir, men skal prove aa oppdatere blogg saa ofte eg kan.

I  L O V E  A U S T R A L I A ! ! !

 

See ya later, Byron Bay

Eg dro vidare til Sydney, og Anja dro heim til Norge paa torsdag. Men her er likevel eit siste innlegg om Byron Bay, for det skjedde nokre morsomme ting til for vi dro. Besok paa Arts Factory Lodge og eit ganske vellykka forsok paa surfing.

Eg hadde hoyrt mykje om kor spesielt det var paa hostellet Arts Factory. Derfor sneik eg og Anja oss inn der for aa sjaa. Det sto klart og tydelig paa ein plakat ved inngangen at besokande som ikkje budde der hadde ingen adgang, men vi var litt craaazy og tok sjansen. Eit hostell midt i jungelen! Forskjellige typer overnattingsmuligheter, alt fraa vanlige dorms til tipi og camp for aa slaa opp telt. Paa stien gikk store ogler og rare fuglar, og folk satt og royka weed overalt. Plutselig kom det ein fyr i bar overkropp, ei kakadue paa skuldra og rottehale (ja den sveisen som var saa populaer i 1988). Han viste fram ein masse fargerike baer som han hadde i handa, og annonserte at det skulle vere Bush Walk kl fire der vi bl.a skulle faa laere om baera han hadde i handa, “Pay what you want”.
Grei deal, men vi blei ikkje med. Det var jo for dei som budde paa hostellet, og det hadde vore litt flaut aa bli avslort som spioner. Det er jammen ikkje godt aa seie korleis rottehale-fyren hadde reagert paa det…
Det var ein fargerik plass, men eg er litt usikker paa om eg ville budd der sjolv, med ogler saa store som kattar springane rundt.
Bilder?
Vi provde aa vere saa diskre som mulig mens vi var der, men vi tok nokre utanfor. Paa den nye bloggheaderen miin staar eg framfor ein dekorert vegg utanfor hostellet.

Eigentleg skulle vi paa kino mens vi var der. Den er open for alle, og visstnok liten, romantisk og utan kinostoler, berre masse puter paa golvet saa du kan ligge aa sjaa kinofilm!
Men vi dro paa den vanlige bykinoen istadanfor, for aa sjaa ein film som Lenny Kravitz var med i. Etter vi motte han, har vi hatt litt Lennyfeber..hehe. Vi saag The Hunger Games. Det er eigentlig ein saann film “so ongdommen lika”, ala Twilight-sagaen, men med heilt anna innhold. Men eg likte den likevel, sjolv om eg er ein litt eldre ungdom. Bra, undeholdande og veldig spennande og nervepirrande.

Saa var det surfinga!


Forste forsoka gikk heller daarlig


..men plutselig!


Happy og (nesten) PRO!

Til slutt i dette innlegget vil eg takke mi kjaere soster for tre fantastiske veker i lag i Australia!!  K J E M P E K J E K T ! ! !
Love you big Anja, og haapar turen tilbake til Norge gikk bra!


(og takk for at eg fikk arve den fine regnponchoen ;) )

Is that Lenny Kravitz!?

…og saa gikk vi der og saag oss rundt ved The Lighthouse, Byron Bay – Australias austlegaste fyrtaarn. Litt slitne etter den bratte vegen opp dit. Knipsa litt bilder og var skikkelig turistar. Og plutselig ser vi at Lenny Kravitz staar rett ved sida av oss!

Han var kledd i svarte joggeklede, med hetta paa og solbriller, men det var Lenny Kravitz, det saag vi, og vi hoyrde det paa stemma og. Dessutan skulle han spele konsert i naerheita av Byron Bay eit par dagar etter. Saa vi er heilt sikre paa at det var han! Nei, eg har dessverre ingen bilder. Det skjedde saa fort. Han var der berre nokre minutt og saa jogga han forbi oss.

Men for han forsvann snakka han med Anja! For akkurat i det han passerte oss hylte Anja. Ikkje fordi ho var blitt starstrucked, men snakestrucked kan vi kalle det. Ho saag ein slange i buskene rett ved sida av der vi gjekk. Saa Lenny stoppa og spurte kva det var ho hadde sett. Og naar ho svarte at det var ein slange der, spurte han om den var brun, for viss den ikkje var det saa trengte ho ikkje aa bekymre seg, for det var berre Brown Snake som var farlig i Byron Bay. Det sa Lenny Kravitz til oss. Saa jogga Lenny Kravitz vidare. Sjukt sjukt sjukt! Surrealistisk opplevelse!

Byron Bay har altsaa bydd paa uventa overraskingar, og den siste veka her kan vel best beskrivast slik:


Her saag vi Lenny Kravitz!


Her smiler vi faktisk til Lenny Kravitz som sto rett bak han som tok bildet.


Australias austlegaste punkt


Vi saag masse delfinar, og vi truuur vi saag skyggen av ein hai og ei piggrokke ogsaa..


Vi har vore masse paa stranda


Og drukke litt Goon.

Byron Bay har vore den beste plassen hittil! Det er passe stort, veldig fargerikt, hippiaktig og laidback. Eg likar meg veldig godt her, men no har vi berre ein dag igjen her og saa vender eg nasa mot Sydney og Anja reiser heim til Norge (snufs).

Vi skal kose oss masse siste dagen, og kanskje det blir litt surfing imaara.. ;) 

 

 

Surfers Paradise

Det kulaste med Surfers Paradise er at det er skyskraparar paa stranda! Eller nesten iallefall. Vi var der berre i to dagar. Det var eigentleg nok, for vi hadde ingen store planar om aa shoppe eller gaa paa nattklubb. Vi ville berre vere paa stranda vi.


Sjaa paa han grisen i bakgrunnen som sniktek bilder av jenter som solar seg! Fy f…!


Og saa saag vi ein ganske stor bil mens vi var der.

A beautiful day…by Noosa

Noosa har ei kjempefin strand og er ein populaer plass blant surfarar og backpackarar. Men det er ikkje saa veldig mykje anna aa gjere paa der, anna enn aa vere paa stranda. Saa det var der vi var dei tre dagana vi var i Noosa.. sun or rain.


 

Og saa var vi i nasjonalparken og leita etter koalabjoernar.

Men vi fann ingen, saa eg tok bilde av denne istadanfor

 

Round, Round, Get Around, We get around

Dei siste to dogna har sostrene Eikeland tilbragt mesteparten av tida i buss. I to etapper fraa Cairns til Airlie Beach og fraa Arlie til Noosa. Nattbuss begge gongane, saa no foler vi oss veldig lure og trotte. Lure fordi vi sparer peng paa overnattinger ved aa ta nattbuss, og trotte fordi.. ja eit buss sete er ikkje ei seng.

Vi blei berre nokre timar i Airlie fordi bussjaaforen sa det skulle regne van(n)vittig mykje, og det var fare for aa bli stuck der. Men dei timane vi var der var det stille for stormen og veldig fint.


Airlie er ein liten plass, saa det er lett aa skaffe seg oversikt.

Det tok 13 timar med buss fraa Arlie til Noosa, og gjett da.. DET REGNER HER OG!

Men no er faar det vere nok sutring om veret. Det har igrunn ingenting aa seie, saerlig i dag for det er ST. PATRICKS DAY!


HAPPY ST. PATRICKS DAY TIL ALLE DER HEIME og CHEERS MATE!!

Melbourne og Cairns

Etter ei veke i Australia kan eg konkludere med at den einaste likheiten til Afrika er aarstida. Host og regn, men heldigvis varmt. Trass i at det er vel vaatt (her i Cairns) er Australia like bra som eg hadde trudd, og backpackerlivet er herlig!

Eg kom til Melbourne forrige lordag, etter over eitt dogn med flyreise. Hostellet i Melbourne gjorde det ikkje akkurat lettare aa bli kvitt jetlag…


12 sengers dorm, men antall folk som faktisk var paa rommet var langt over. Anja er markor paa bildet for aa demstrere kvar folk som ikkje horte til der sov om nettene. Ut i fraa rot og skrot anslaar eg at det er minst 14 dagar sidan sist det blei vaska der. Folk som skal til Melbourne, styr unna Flinders Station Backpackers!


Kjempekjekt aa treffe Anja igjen!


Det var festival i Melbourne akkurat den helga vi kom


Gratis sightseeing-trikk


Sushi til middag..


…og friterte vaffelpinnar(?) dyppa i flytande sjokolade til dessert..mmm


CAIRNS. Hadde det ikkje vore for regnet hadde det vore perfekt.


Gilligan’s hostell i Cairns hadde ein litt anna standard enn hostellet i Melbourne. Nytt og moderne, fine reine rom, og eiget uteanlegg med basseng og solsenger.. Men argh.. det regnet altsaa!


I Cairns bur det ca 155 000 innbyggarar og av desse er ca 1/3 aborigenere. Mykje av det dei sel som souvinerer her er inspirert av aborigenernes kultur.

Great Barrier Reef

Sjolv om det regna maatte eg faa med meg Great Barrier Reef mens eg var her. Eg blei med paa ein dagstur med seglbaat som stoppa to plassar saa folk kunne snorkle og sjaa paa korallrevet og alle fiskane. Eg saag Nemo! Og mange andre fargerike fiskar og korall. Men dessverre klarte eg ikkje aa slappe heilt av og nyte det der ute i havet. Slik hortes tankane mine ut; ” Aaah, saa fint fint fint..hai hai HAI…neida, slutt, det kjem ikkje hai her…det er fint fint kjempefint.. HAI HAI.. nei FINT!” Nei, det er ikkje saa lett aa berre bestemme seg for aa ikkje vere redd.
Det var nokon av gruppa som sag hai faktisk, men ein heilt ufarlig ein. Heldigvis fikk eg det ikkje med meg for eg var trygt tilbake i baaten..hehe. 

I kveld reiser vi med nattbuss til Airlie og derfra vidare til Noosa. Kryssar fingrar for at vi finn sola der :)