G’day Sydney!

Det er berre aa beklage at det er litt forseinkingar i blogginga mi. Eg befinn meg akkurat no ikkje i Sydney, slik overskrifta indikerer, men i Melbourne. Kom hit for nokre timar sidan med nattbussen. Eg skal berre vere i Melbourne til i morgon, daa flyr eg til Thailand og forlater the land Down Under for denne gong.

Men det var Sydney eg skulle skrive om. Ei lita oppsummering av dei fem dagane eg hadde i Sydney.

Maa forst komme med ei tilstaaing, at den forste natta paa hostell i Sydney var forste gongen eg har vore skikkelig redd etter at eg kom til Australia. Det var nok litt fordi eg plutselig ikkje hadde mi kjaere soster Anja paa same rom lenger, litt fordi eg var sjuk og hadde feber, men mest fordi det var eit crappy hostell!
For det forste var det brannbil med blaalys og ei gruppe med brannmenn i fullt utrykningsutstyr i resepsjonsomraadet naar eg kom om kvelden. Eg spurte ei som jobba paa hostellet om det hadde skjedd noko, men ho svarte kort; “No, everything is fine” mens ho smilte anstrengt. Eeeeeh javel? Eg greidde ikkje heilt aa slaa meg til ro med det svaret, og dessuten blir eg alltid lettare hysterisk naar eg ser brannmenn. Det er fleire aarsaker til det, men eg skal ikkje gaa meir inn paa dei epsiodane akkurat no.
Saa eg gjekk aa stilte meg saann tilfeldigvis rett bak den brannmannen som snakka med ho i resepsjonen og smuglytta paa samtalen. Det viste seg at nokon hadde roykt paa rommet og utloyst brannalarmen. Ingen brann altsaa. Men no hadde dei oppdaga at brannalarmen ikkje fungerte i tredje etasje og var derfor noydt til aa flytte alle som budde der. Saa det var det som var problemet.
Eg budde i femte etasje, saa daa var det berre aa prove aa ikkje tenke meir paa brannmenn meir, og gaa paa rommet og legge seg.

Haha.. rommet, det var meir eit kott! Og der hadde dei paa uforklarlig vis klart aa stue tre koyesenger inn. Det var umulig at meir enn to personer kunne staa oppreist i rommet paa same tid, saa trangt var det. Alle som budde der var gutter, alle var fraa Asia og alle snakka daarlig engelsk. To av dei var paa rommet naar eg kom. Eg blei berre staaandes og maape. Ein koreansk mann, ca 60 aar, sprang rundt i rommet i berre trusa og sang julesongar paa gebrokkent engelsk.
Heldigvis var den andre gutten som var der normal og forsikra meg om at den koreanske mannen eigentleg var snill, berre   veldig   rar.

Ut paa natta vaakna eg av at dei andre som budde paa rommet kom heim, og den eine provde aa legge seg opp i senga mi! Eg hylte til, eller det vart meir eit veldig angstfyllt ul, og heldigvis hoppa mannen oppi ei anna seng istaden. Mest sannsynleg tok han berre feil av sengane, men eg hadde ikkje sjans aa faa sove meir etter dette.

Heldigvis var det ikkje slik paa alle hostell i Sydney. Eg budde paa tre ulike hostell paa dei fem dagane eg var der. Ingen grunn til aa gjere det lettvindt og kjedelig!
Mi vurdering av dei tre plassane er kort oppsummert:
 - Nomads, Sydney = Crappy
 - Bondi Backpackers = OK 
 - Base, Sydney = Supert!
Det viktigaste med hostellet er at det er reint og at det gaar an aa faa sove paa rommet. Ellers er det ikkje saa noye, for naar ein forst er i Sydney er det ingen grunn til aa henge rundt paa hostellet. Det er nok av andre ting aa finne paa.

 Darling Harbour


Australias svar paa Aker Brygge, berre mange gangar storre.

Imax Theatre


Aldri gaatt paa kino aleine for og aldri sett kinofilm i 3D. Ein gong maa vere den forste og det kan like gjerne vere paa ein fredag i mars i Sydney.


Men utvalget av filmar var ikkje saa mykje aa skryte av. Det blei Wrath of the Titans.


Saa lenge det var “the worlds bigggest Imax” gjer det ikkje noko at sjolve filmen var daarlig.

Bondi Beach

Eg budde to netter paa hostell i Bondi Beach, det er jo tross alt ei av verdas mest beromte strender. Den har jo tilogmed eigen realityserie paa TV!


Utsikta fraa senga mi paa hostellet skal eg iallefall ikkje klage paa.


Tidleg ute ein sondagsmorgon og kan velje og vrake kor eg vil ligge paa stranda. To timar etterpaa var det sild-i-tonne-tendenser.


Helikopter som leiter etter hai. PingleTrine bada ikkje.


Sola gaar snart ned, men mange paa stranda endaa.


Tur langs klippane. Kan skimte Bondi Beach i bakgrunnen.

Sydney Wildlife World


Her har dei ikkje tatt hensyn til dei som slit med sommarfugl-fobi, naar dei lar sommarfuglane flakse fritt rundt.


Fikk endeleg sett koala!


Brownsnake – ein av australias giftigaste.


Ei grein full av slangar – marerittmat for oss som hatar slangar.


Og endeleg fekk eg sett kengeru og! Kul fyr. Minner meg om nokon eg kjenner trur eg, men kjem ikkje paa kven.


Dette er krokodilla Rex, 5 m lang, ca 40 aar gammal og singel.

Operahuset og Botanisk Hage


Baade Operaen og Harbour Bridge


BackpackerTrine med Operaen i bakgrunnen


Sydney Royal Botanic Gardens


Par som kliner i den botanisk hagen


Backpacker/KikkerTrine i den botaniske hagen.

Det var det eg rakk aa gjere i Sydney mens eg var der.

Paa bussen hit til Melbourne gjekk det opp for meg kva som er den storste forskjellen mellom nordmenn og australiarar. Eg skjonte det akkurat paa same tid som eg innsaag at grunnen til at tunga mi og fingrane mine plutselig var blaa ikkje var fordi pennen min var lekk, men:

Nordmenn og australiarar gjer mykje det same, berre at australiarar lagar litt meir morro ut av ting. Ostepop som gjer tunga blaa, for eit paafunn!!

Er det rart at Australia er eit fantastisk land aa reise i? :)

Men no venter ny verdensdel, og lommeboka mi smiler berre ved tanken paa Asia. Kambodsja, Vietnam, Laos og Thailand paa 30 dagar, og 14 dagar med slaraffenliv i Thailand til slutt. Usikker pa korleis internettmulighetane blir, men skal prove aa oppdatere blogg saa ofte eg kan.

I  L O V E  A U S T R A L I A ! ! !

 

8 tanker om “G’day Sydney!

  1. Fine Trine!
    Australia….amazing!! No skulle eg verkeleg ønskje eg var der nede med deg.
    Kenguruen!! Haha, snap shot Trine. Han minte meg om nokon og…hmm.
    Lykke til med reisa til Thailand, håpar rundturen blir slik vi forestilte oss og meir til!
    *smask*

    • Ja, eg lurer veldig paa kven den kenguruen ligna paa! Merkelig menneskelig utstraaling iallefall.
      Du er NOYDT til aa reise til Australia Sara, du hadde likt deg kjempgodt her!
      Veldig spent paa Asiaturen no ja, og gleder meg masse!

      Haapar alt er bra i Forde, eller Stryn? Det er jo paaske no. Saa happy paask to you! PaaskeKyllingKlem

  2. Åååå ser du storkose dæ!! Sku såå gjerne vært der! Haha han koreamannen hadd æ vært livredd for også :D Fly pent til Thailand! Savat de kaa! Klæm :)

    • Ja, fy flate han koreamannen var litt av ei skrue! Miyagi San gone crazy! Gleder meg massemasse til Asia no! Merci? Ha ei superfantastisk paaskehelg og lykke til med lesing :) Klem

  3. Hahaha! Blå ostepop! Som om ikkje lukta + forma er crazy nok liksom:-D
    Ser ut som om du virkelig nyter livet down under – er jo nett som ein innfødd som tilbringer laaange dager på stranda, tar livet med ro, går på kino og tur i parken osv.. Miss you! God tur til Asia! Tippar at det blir litt av ein overgang! No worries!

    • Hehe… ja eg kunne lett vore australier. Fint liv :)
      No er eg i Asia, naerare bestemt Kambodsja og ja, det var ein ganske stor overgang. Men storkoser meg her og!

      Haaper du har hatt ei bra paaskefeiring. Miss u too, snuppa!

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>