Two nights in Bangkok

Daa var eg igang med del tre av turen min; Asia. Eg befinn meg akkurat no  Kambodsja, men dette innlegget handler om turen fra Australia til Thailand og dei forste dagane i Bangkok. Eg vil fortelle om Kambodsja seinare.

Flyturen til Bangkok tok heile ni timar. Trudde ikkje det var langt fraa Australia til Thailand, men det er det altsaa. Eg flaug med JetStar, og det var ikkje bra for flyskrekken min. Noko av grunnen til at eg greier aa unngaa fullstendig panikk naar eg flyr er at eg omfavner alle former for distraksjoner mens eg er paa flyet. Alle ting som faar hjernen min til aa gloyme at eg befinn meg 1000vis av meter over bakken  inni eit fartoy som veier 1000vis av tonn og ikkje har ei einaste fjaer. Slike distraksjoner kan f.eks vere lesestoff, musikk, flymat og film, TV-serier og spill. Han\ho som fann opp desse smaa skjermane paa stolryggen med eigne fjernkontroller fortjener rett og slett ein medalje!  Men JetStar er tydeligvis eit lavprisselskap. Det er ingenting inkludert! Det visste jo ikkje eg, saa eg hadde jo ikkje betilt eigen iPad for aa sjaa fim og TV-serier slik mange av dei andre passasjerane hadde. Saa eg provde aa fordjupe meg saa godt eg kunne i Bridget Jones-wannabe boka eg hadde kjopt. Det tok knapt ein halvtime for eg mista fullstendig interessen, burde ha skjont det ut  fraa boktittelen;” Lizzie Harrison looses control”. Saa neste utveg for aa distrahere meg fraa at eg satt paa eit fly var aa faa tak i flymat. Betalte ei hundrings og fikk ein tallerken med kylling og potetmos. Det var ein skuffelse,  ikkje smaken, den var grei nok, men at det berre var ein tallerken! Heile stasen med flymat er jo at ei faar eit brett med kanskje sju smaa bokser\tallerkener med ulik mat som er pakka med lokk eller folie eller plast rundt. Daa bruker ein masse tid paa aa opne og smore paa og blande og salte og spise og flytte paa og spise og pakke sammen. Kyllingsaken eg fikk brukte eg knapt ti min paa! Det blei ein laaang flytur.

Men dei ni timane gikk, og heldigvis var det ingen turbulens eller andre ubehageligheter undervegs. Passkontroll og transfer paa flyplassen gikk og greit og plutselig, for forste gang paa 2 mnd har eg eit rom med kingsize bed og eige bad og dusj heilt for meg sjolv! Var ikkje klar over det, men som eg har savna akkurat det! Ingen som snorka, ingen som hosta, ingen som rota og slengte baggasjen sin rundt omkring, ingen som smugroyka, ingen som kom fulle og hogroysta heim midt paa natta. Berre eit stort nyvaska og aircondition-kjolig rom, heilt for meg sjolv!


Nyyyyt!

Eg hadde heile neste dag for meg sjolv i Bangkok for eg skulle mote gruppa eg skal tilbringe neste mnd med. Saa eg tok ein tur paa eit shoppingsenter og kjopte meg likesaagodt ein liten billig PC. Mange av plassane eg har vore paa tilbyr WiFi gratis eller billig, men har ingen PC ein kan laane. Saa eigen PC\smartphone er det einaste eg ikkje tok med paa turen, men som eg har savna veldig. Men no har eg ein liten sot asiatisk PC med mange rare tegn paa tastaturet.

Eg tok TukTuk tilbake til hotellet fraa shoppingturen. Det var forste gang i eit slikt kjoretoy saa eg folte meg ganske begeistra og ein smule skremt paa same tid. Skrekkblanda fryd kan ein vel kalle det. Trafikken i Bangkok er voldsomt travel og TukTuk-sjaaforen kjorte som ein galning. Maa innromme eg var litt letta daa han svinga inn framfor hotellet og eg kunne gaa av.

Seinare paa kvelden motte gruppa eg skal reise med neste maanaden paa Indochina Discovery turen. Vi fikk informasjon om turen og spiste felles middag ilag. Vi er 15 stk i alderen fraa 19-32 aar, flest jenter, fem fra Norge, resten fra Danmark, UK og Tyskland. Veldig hyggelige folk og ei morom Thaijente som reiseleder. Her er reiseruta vaar:


(Foto: www.gadventures.com)

Forste stopp var altsaa Kambodsja der vi er no, og skal vere i tre dagar til. Skal fortelle om Kambodsja naar vi drar vidare til Vietnam.

 

 

4 tanker om “Two nights in Bangkok

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>