{"id":7,"date":"2012-02-05T11:43:16","date_gmt":"2012-02-05T11:43:16","guid":{"rendered":"http:\/\/trinefaktor.com\/?page_id=7"},"modified":"2012-02-07T09:22:35","modified_gmt":"2012-02-07T09:22:35","slug":"kvar-gar-turen","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/trinefaktor.com\/?page_id=7","title":{"rendered":"Kvar g\u00e5r turen?"},"content":{"rendered":"<p>Eg er ein av dei som sa &laquo;\u00e5 s\u00e5 heldig du er, det har eg kjempelyst til \u00e5 gjere ogs\u00e5!&raquo; n\u00e5r eg h\u00f8rte om andre som snakka om backpackerturane sine. Heilt sidan eg flytta heimefr\u00e5, har eg beundra dei som dro ut p\u00e5 s\u00e5nne eventyr. Men s\u00e5 var eg litt pingle og fann alltid logiske grunnar til at eg ikkje kunne reise p\u00e5 ein s\u00e5nn tur. \u00d8konomi, kj\u00e6reste, studier, jobb, ingen \u00e5 reise med, for d\u00e5rlig til \u00e5 snakke engelsk, for sjenert til \u00e5 reise p\u00e5 eigen h\u00e5nd, kunne ikkje reise ifra hunden, har leiligheit \u00e5 betale p\u00e5.<\/p>\n<p>No endelig, i ein alder av 32 er eg klar for min tur! Alle unnskyldningane som har hindra meg tidlegare er rydda av bana, eller det vil seie eg har funne gode l\u00f8ysingar p\u00e5 det. Eg blei lei av \u00e5 tenke og tenke og tenke p\u00e5 for og imot, og det er n\u00e5r ein er lei av \u00e5 tenke at gode beslutningar blir tatt. Den 7. februar forlet eg trygge Norge. Men eg er ikkje t\u00f8ff nok til \u00e5 reise heilt p\u00e5 m\u00e5f\u00e5 s\u00e5 reiseruta er delvis planlagt. Slik blir mine neste fire m\u00e5nadar:<\/p>\n<p><strong>Afrika<\/strong><br \/>\nF\u00f8rste stopp blir Namibia i fire veker. Dette blir den mest seri\u00f8se og meiningsfylte delen av turen min. I Namibia skal eg delta p\u00e5 eit frivilligheitsprosjekt som blir kalt Noah\u2019s Ark. Eg skal bu og jobbe p\u00e5 g\u00e5rden Harnas, der dei tek seg av foreldrelause eller skada dyr. Det er geparder, l\u00f8ver, leoparder, aper og ein dr\u00f8ss med andre afrikanske dyr. Det er folk fr\u00e5 mange andre land rundt i verden som er der for \u00e5 jobbe som frivillige. Eg gleder meg enormt til \u00e5 oppleve dette, n\u00e6rkontakt med ville afrikanske dyr, m\u00f8te mange andre mennesker som jobber der, og sj\u00f8lv vere med \u00e5 bidra til \u00e5 hjelpe dei som jobber for \u00e5 redde utrydningstrua artar og andre dyr som lider.<\/p>\n<p>Eg har alltid vore ekstremt glad i og fasinert av dyr, men d\u00e5 spesielt dyr som har pels. Insekter, edderkopper, slanger og haier fell dermed utanfor mitt interessefelt og eg h\u00e5par \u00e5 <em>ikkje<\/em> treffe nokon av dei verken i Afrika eller p\u00e5 resten av turen.<\/p>\n<p>Eg reiser via X-plore, eit norsk firma som tilbyr jobb og reisemulegheiter i utlandet. <a href=\"http:\/\/www.x-plore.no\/1-program.cfm?Country=Namibia\" target=\"_blank\">Les meir om Noah\u2019s Ark prosjektet her.<\/a><\/p>\n<p><strong>Australia<\/strong><br \/>\nN\u00e5r eg kjem til Melbourne 10. mars begynner den typiske backpacker ferien, p\u00e5 nynorsk: &laquo;vandrefant ferien&raquo;. Her m\u00f8ter eg mi kj\u00e6re s\u00f8ster og skal reise med henne p\u00e5 \u00f8stkysten av Australia dei neste tre-fire vekene. Vi flyr f\u00f8rst til Cairns i nord og beveger oss nedover kysten og stopper der vi f\u00f8ler for det. Her er med andre ord lite planlagt og det blir spennande \u00e5 sj\u00e5 kva som skjer. Einaste som er sikkert er at eg m\u00e5 komme meg tilbake til Melbourne til 5. april for d\u00e5 g\u00e5r flyet mitt til Bangkok<\/p>\n<p><strong>Asia<\/strong><br \/>\nDen siste delen av turen trur eg blir mest mangfoldig. Her skal eg den f\u00f8rste m\u00e5naden p\u00e5 rundtur innom 4 land, mens dei siste 2 vekene blir det fokus p\u00e5 strandliv og sydenferie.<\/p>\n<p>Dagen etter eg kjem til Bangkok starter rundturen med G Adventures som heiter <a href=\"http:\/\/www.gadventures.com\/trips\/indochina-discovery\/ATID\/2012\/\" target=\"_blank\">Indochina Discovery<\/a>.\u00a0Eg skal vere med i ei gruppe med guide og\u00a08-10 personer som eg aldri har m\u00f8tt f\u00f8r. Vi skal f\u00f8rst til Kambodsja, deretter Vietnam, s\u00e5 Laos og til slutt Thailand igjen. Undervegs skal vi sj\u00e5 dei ulike landas s\u00e6rpreg og severdighetar. N\u00e5r eg kjem tilbake til Bangkok kjem Linda, ei venninne av meg fr\u00e5 Norge. Vi skal tilbringe dei neste 14 dagane rundt om i Thailand med sol, strand og litt fest og moro.<\/p>\n<p>Den 23. mai er eventyret over og eg set meg p\u00e5 flyet heim, og har antakelig masse og fortelle \ud83d\ude42<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg er ein av dei som sa &laquo;\u00e5 s\u00e5 heldig du er, det har eg kjempelyst til \u00e5 gjere ogs\u00e5!&raquo; n\u00e5r eg h\u00f8rte om andre som snakka om backpackerturane sine. Heilt sidan eg flytta heimefr\u00e5, har eg beundra dei som &hellip; <a href=\"https:\/\/trinefaktor.com\/?page_id=7\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"parent":0,"menu_order":2,"comment_status":"open","ping_status":"open","template":"","meta":{"footnotes":""},"class_list":["post-7","page","type-page","status-publish","hentry"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/trinefaktor.com\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/7","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/trinefaktor.com\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/trinefaktor.com\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/trinefaktor.com\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/trinefaktor.com\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=7"}],"version-history":[{"count":8,"href":"https:\/\/trinefaktor.com\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/7\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":15,"href":"https:\/\/trinefaktor.com\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/7\/revisions\/15"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/trinefaktor.com\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=7"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}