Is that Lenny Kravitz!?

…og saa gikk vi der og saag oss rundt ved The Lighthouse, Byron Bay – Australias austlegaste fyrtaarn. Litt slitne etter den bratte vegen opp dit. Knipsa litt bilder og var skikkelig turistar. Og plutselig ser vi at Lenny Kravitz staar rett ved sida av oss!

Han var kledd i svarte joggeklede, med hetta paa og solbriller, men det var Lenny Kravitz, det saag vi, og vi hoyrde det paa stemma og. Dessutan skulle han spele konsert i naerheita av Byron Bay eit par dagar etter. Saa vi er heilt sikre paa at det var han! Nei, eg har dessverre ingen bilder. Det skjedde saa fort. Han var der berre nokre minutt og saa jogga han forbi oss.

Men for han forsvann snakka han med Anja! For akkurat i det han passerte oss hylte Anja. Ikkje fordi ho var blitt starstrucked, men snakestrucked kan vi kalle det. Ho saag ein slange i buskene rett ved sida av der vi gjekk. Saa Lenny stoppa og spurte kva det var ho hadde sett. Og naar ho svarte at det var ein slange der, spurte han om den var brun, for viss den ikkje var det saa trengte ho ikkje aa bekymre seg, for det var berre Brown Snake som var farlig i Byron Bay. Det sa Lenny Kravitz til oss. Saa jogga Lenny Kravitz vidare. Sjukt sjukt sjukt! Surrealistisk opplevelse!

Byron Bay har altsaa bydd paa uventa overraskingar, og den siste veka her kan vel best beskrivast slik:


Her saag vi Lenny Kravitz!


Her smiler vi faktisk til Lenny Kravitz som sto rett bak han som tok bildet.


Australias austlegaste punkt


Vi saag masse delfinar, og vi truuur vi saag skyggen av ein hai og ei piggrokke ogsaa..


Vi har vore masse paa stranda


Og drukke litt Goon.

Byron Bay har vore den beste plassen hittil! Det er passe stort, veldig fargerikt, hippiaktig og laidback. Eg likar meg veldig godt her, men no har vi berre ein dag igjen her og saa vender eg nasa mot Sydney og Anja reiser heim til Norge (snufs).

Vi skal kose oss masse siste dagen, og kanskje det blir litt surfing imaara.. ;) 

 

 

3 tanker om “Is that Lenny Kravitz!?

  1. Jøss, så utrulig kult da! Synd dere ikkje fekk tatt bilde.
    Det er godt dei ikkje har snowsnake i Australia iallefall ;)
    God tur vidare til Sydney :)

    • Haha.. nei ingen Snowsnake her, men eg skal love deg at eg nyttar einkvar anledning til aa fortelje australiarar om den berykta og livsfarlige Norwegian Snowsnake. Dei blir heilt sjokkerte :D
      Saag forresten ei T-skjorte med bildetrykk av eit tre med ein liten bjoern i, og ein strekmann under treet som ante fred og ingen fare. Og teksten: “Watch out for DropBears” Holdt paa aa le meg ihel!

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>