10 dager + 1 bursdag i Vietnam

Det er forste gang eg har feira bursdagen min i eit anna land enn Norge. Eg kan gjerne gjere det fleire gongar, gjerne i Vietnam igjen. Det var ein perfekt avslutning pa 10 fantastiske dagar.


Trine (33) faar bursdagskake paa restaurant i Hanoi.

Vietnam er eit land eg definitivt har lyst aa reise tilbake til og eg kan anbefale det paa det varmaste til andre reiselystne. Det er mykje aa sjaa og oppleve, veldig billig, sol og varmt. Nordmenn faar 14 dagar turistvisum utan kostnad dersom ein kan vise returbillett fraa Vietnam. Saa det er ingenting aa lure paa, pakk kofferten og sett deg paa flyet til Vietnam neste gang du skal paa ferie!

Her kjem ei oppsummering av dei siste dagane i Vietnam.

Hoi An
Hoi An var tidlegare eit av dei viktigaste handelssentra i Sorost Asia, og det er framleis mykje fokus paa tradisjonelt handverk her. Viss ein vil kjope noko spesielt og handlaga fraa Vietnam er dette plassen! Silke, keramikk, maleri, trefigurer, smykker. Det er over 400 skreddarar i den vesle byen. Ein kan og faa spesiallaga sko her. Ein velger form, farge og materiale, saa blir det tatt maal av foten din og dagen etter kan du hente ditt nye par heilt unike sko. Fantastisk!

Det er ein veldig koselig by. Smale koselige gater, lave bygninger, spesiell arkitektur og mykje pynt i gatene: lanterner i trea og mykje blomster. Og trafikken er ikkje saa ille her heller.

Vi var i Hoi An i 2 dager. Vi fekk prove aa lage vaarruller, var paa sykkeltur, lagde keramikk, fiska, var hos skredder og fikk laga oss kle og  gikk rundt og saag oss om i byen.


Paa Bale Well restaurant i Hoi An serverer dei gronnsaker, grilla kjott, vaarruller, omelett og rispapir. Saa viser dei deg korleis du skal rulle alt inn i rispapiret og dyppe i saus. Et saa mykje du vil for 25 kroner. Det er vanskelig aa stoppe..


La la la lala lala, la lala lala la lala


Vi var innom eit keramikkverksted og fikk lage vaart eige lille”kunstverk”, med god hjelp av profesjonelle.


Fisketur med bambusstang slik dei gjer det paa landsbygda i Vietnam. (Nope, fikk ingen fisk nei)


Spasertur i Hoi An og nyte ein iskaffe paa fortausrestaurant til slutt. Faar ikkje nok av den vietnamesiske (is)kaffien!

Huế

Vi hadde ein liten stopp i byen Huế, som var hovudstad i Vietnam under keiserdommet fraa 1802-1945(Nguyen dynastiet). Vi hadde ikkje saa mykje tid paa oss for vi skulle ta natt-toget videre til Hanoi. Men vi rakk eit besok til The Imperial Palace, der keiserane under Nguyen dynastiet holdt til.


Inngangspartiet til The Imperial Palace i Huế.


Golden Dragon


Utanfor palasset saag eg elefant for forste gang paa turen!


Natt-tog fraa Huế til Hanoi, 12 timar. Vi var saa heldig aa faa akkurat den lugaren der det budde ei mus, i tillegg til dei vanlige kakkerlakkane.

Ha Long Bay
Fraa Hanoi dro vi direkte vidare til Ha Long Bay ca tre timars koyring fraa Hanoi. Ha Long Bay er paa UNESCO si liste over verdens kulturarv, og bestaar av nesten 2000 oyer pa eit 1,553 km2  stort omraade.


Baat-tur til Ha Long Bay


Kajakking mellom oyane


Vi gikk i land og besokte den imponerande Thien Cung Grotto.


Reisevennane mine.

Hanoi
Saa gjensto siste destinasjon i Vietnam, hovudstaden Hanoi.


Crazy rush hour!


Men det finns heldigvis roligare plassar og, som i parken ved Hoan Kiem Lake.

Gatene er fasinerande og kaotiske, og trafikken er vanvittig! Det er mange museum og tempel ein kan besoke, og ein kveld paa The Water Puppets Show er populaert blant turistar.
Men sidan det tross alt var bursdagen min, valgte eg vekk dukketeater til fordel for ein ol paa Beer Corner. Eit gatekryss i Backpacker area der ein sitt paa enkle plaststoler paa det smale fortauet og drikk ol, mens biler og mopeder passerer skremmande tett. Det har eg iallefall aldri gjort for paa bursdagen min. Kjempekjekt!

I dag dro vi vidare fraa Hanoi og kryssa grensa til Laos. Her skal vi vere i 7 dager, og to av dei skal vi tilbringe i baat paa Mekong River. Love it! :)

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>