Dagen før

Spent, forventningsfull og litt redd. Reisefeber er ein ganske ubehagelig tilstand. Men den går over når ein kjem fram, heldigvis. Så onsdag kl 15 når eg har landa i Windhoek, Namiba er eg frisk igjen. 

I dag har eg gjort siste forberedelsane.

Pakka sekken

..og tjuverisikra kameraet mitt

Forøvrig eit veldig godt tips for å auke sjansen for å kanskje få tilbake eit tapt kamera. Skriv ei melding til den som finn (stjel) kameraet ditt, med kontaktinformasjon. Ta bilde av deg og meldinga med kameraet slik at det ligg som førstebildet på minnebrikka. Og så er det berre å håpe at det er ein ærlig sjel som ser bildet og tek kontakt.

Så no er eg så klar som eg kan bli. Då gjenstår det berre å seie “vi snakkast om tre og ein halv månad, hadebraaa!”

13 tanker om “Dagen før

  1. Artige Trine! :) God tur på kanskje din livs reise! Når du kommer hjem igjen er du styrtrik på erfaringer. Jeg gleder meg til fortsettelsen av denne bloggen. :)

  2. Juuuhuuu!!! Dette blir gøy :)
    Gler meg til fortsettelsen!
    Bloggen er lagt til favorittar, og vil bli sjekka støtt og stadig.
    Enjoy, have fun, be safe!
    Lots of love <3

    • Takk Sara! Kjekt å vere blant dine favoritter ;) Skal jakte på internett overalt der eg kjem, slik at eg får oppdatert bloggen så ofte eg kan! Masse lykke til i nye jobben! Stooor klem <3

  3. Hurra! Lykke til på turen, kose deg masse, men pass deg for slanger og edderkopper ;)
    Gleder meg til å høyre om alt du opplever, skal følge med deg her inne.

    God tur!

  4. Det var lurt! Med det bildet der av deg, kven kan motstå å ta kontakt! (Mulig du aukar sjansen for at tjuven/finnaren tek kontakt om du også skriv du er single.. berre nevner det… ;-P )

    God tur, fine Trine! Ver forsiktig og kos deg masse, masse, masse! Nyt den spennande kjensla av å gå inn i det ukjende, og når du kjem fram må du nyte kvar bidige dag, tida kjem til å gå i rekordfart! Lagre alle opplevingar, inntrykk og følelsane i hjertet så du har mykje å minnast og dele når du kjem heim!

    *Følgjer spent ditt eventyr*
    Stor, god reiseklem:)

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>