Ein alvorsprat

Hunder er berre hundar, men likevel forstår dei mykje meir enn kva vi trur. I tillegg har hunder ein fantastisk evne til å la seg begeistre når du snakker til dei. Iallefall om du ramser opp ord dei liker, som “tur”, “mat” og “ballen”. Veldig underholdande å sjå på nokon som blir så uendelig glad og fysisk overekstatisk berre han hører ordet “tur”. Melis forstår sikkert minst 50 ord, men han snakker jo dessverre ikkje. Ein dårlig samtalepartner med andre ord. Men for ei skravlesjuk jente som har eit visst antal ord som må brukast i løpet av en dag (ca 5000 stk faktisk) så er han god å prate med likevel.

Vi har sjeldan lange samtalar eg og Melis. Men her om dagen hadde vi likevel ein lang og alvorlig “samtale”. Det var etter at dyrelegen fortalte meg at hunder faktisk i lang tid før det skjer, kan sanse at eigaren deira har tenkt å forlate dei. Syns det var forferdelig å tenke på at Melis kanskje allereie har skjønt at eg skal reise i frå han. For han er jo eg det aller viktigaste i livet. Til og med viktigere enn “tur”. Han har jo ikkje en jobb å gå til kvar dag, venner han planlegger å gå på besøk til, eller ferieturer han gleder seg til å reise på. Heile livet hans består av å vere sammen med meg og gjer det eg bestemmer at vi skal gjere. Så viss han no skjønte at eg snart kom til å forsvinne fra livet hans måtte han jo vere fryktelig engstelig og deprimert..?

Eg satte meg ned i sofaen og ropte på Melis og fikk han til å sette seg ned ved sida av meg. Så såg eg han inn i auga og fortalte kva som skulle skje dei neste månadane. Eg forsikra han om at eg kom til å komme tilbake til han og at alt skulle bli som før, men at i mellomtida skulle han få bu hos nokre veldig snille folk og han skulle få det veldig kjekt. Melis såg på meg med store auger og skakka på hovudet mens eg fortalte. Eg innser jo at andre kan syns det er ganske absurd å sette seg ned å ha ein så seriøs “samtale” med ein hund, og at det er på grensa til at eg kan kallast “den galne hundedama”. Men det føltes som ein riktig ting å gjere overfor stakkars Melis som snart skulle bli forlatt. Og etter “samtalen” blei alt mykje betre. Iallefall for meg. Melis forsto antakeligvis ikkje eit kvekk, for eg nevnte jo verken “tur”, “mat” eller “ballen”.

4 tanker om “Ein alvorsprat

  1. Hei! Kjempefin blogg! Ej skal følge den med misunnelse og nysgjerrighet dei neste mnd! Det blir nok en tur du aldri kommer til å angre på og som du heilt garantert kommer til å leve leeeeeeeeeeeeeeeeenge på!!

    GOD TUR!! Nyt alt og lev livet :)

    PS: Melis blei heilt sikkert beroliga av praten, og han får det kjempefint i Oslo mens du e på tur.

    Stor klem fra John

    • TAKK :D
      Eg gleder meg masse og er superspent no. Kribler overalt!

      Skal prøve å skrve på bloggen så ofte eg kan og legge ut bildebevis på at eg har det kjekt :D

      Gratulerer så mykje med den lille forresten! Det blir sikkert ei kjempespennande tid for deg framover :)

      Klem tilbake

  2. Hahahahahaha ! :-D

    Du skriver så godt at jeg ler så tårene triller !! Helt fantastisk !
    Jeg er sikker på at Melis forstod både ett og hitt av det du sa (det er tross alt en smart hund du har der), og at han aksepterte at du skulle på tur. Det blir fint for ham i Oslo.

    Håper ellers du har det bra!
    Klem

    • Hei Chriss Are!
      Melis har det veldig bra i Oslo. Han aksepterte veldig lett at eg skulle paa tur, kanskje for lett..? Den storste bekymringa mi no er at han ikkje skal huske meg naar eg treff han igjen, berre snuse litt paa meg og trekke paa skuldrane (viss hunder kan trekke paa skuldrer daa).

      Ellers har eg det superbra! Nyter siste dagen min i Australia no (i Melbourne), og ser fram til den neste halvanna mnd i Asia :)
      Haapar alt staar bra til med deg, og paa Enivest ogsaa!

      Klem

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>